Du tar oppkøyringa på ein trafikkstasjon. Du kan anten gi trafikkskulen fullmakt til å bestille time til oppkøyring for deg eller bestille timen sjølv.

Timebestilling Logg inn

Før du kan køyre opp

Du må ha fullført all obligatorisk opplæring før du kan køyre opp. Opplæringa må òg vere registrert i systema våre. I tillegg må

  • politiet ha godkjent vandelen din.
  • du ha bestått teoriprøva.
  • du ha levert ein eventuell helseattest.

Du kan alltid sjekke kor langt du har kome i opplæringa, om vi har fått helseattesten din, og om vandelen din er godkjend på Di side.

Du køyrer opp på ein trafikkstasjon. Oppkøyringa varierer ut frå kva klasse du skal ta førarkort i.

Oppkøyring med automatgir

Dersom du køyrer opp med automatgir, får du førarkort med ein kode som viser at du berre kan køyre med automatgir.

Skulle du seinare ha behov for å køyre bilar med manuelt gir, må du ta ei ny oppkøyring med manuelt gir. Du kan lære deg å køyre med manuelt gir privat, eller ta køyretimer.

Oppkøyring med manuelt gir

Dersom du køyrer opp med manuelt gir, kan du køyre bilar med begge girsystem.

Ver godt førebudd når du skal køyre opp

Det viktigaste du kan gjere, er å stille godt førebudd slik at du består oppkøyringa på første forsøket. Dersom du stryk, blir ventetida lengre for deg sjølv og for andre som skal ta oppkøyring.

Slik betaler du for prøva

Når du bestiller time til oppkøyring vil du få ein frist for når du seinast kan avbestille timen. Når avbestillingsfristen har gått ut, vil du få ein SMS om at du kan betale for timen på Di side.

Du kan òg betale for timen når du møter opp på trafikkstasjonen, men då kostar han meir.

Viss du avbestiller ein time mindre enn to vyrkedagar før oppkøyringa, må du betale for timen.

Når du skal køyre opp

Når du møter til oppkøyring, må du vise gyldig legitimasjon.

Du må sjølv stille med køyretøy til prøva. Bilen du køyrer opp med, skal vere godkjend av Statens vegvesen og må leigast av ein trafikkskule.

Prøva varar opptil 75 minutt og er delt i tre delar

Prøva varar 65–75 minutt, avhengig av kva klasse du køyrer opp i. Oppkøyringa er delt inn i tre delar.

  • Klargjering av køyretøyet.
  • Sikkerheitskontroll. Her får du ei stikkprøve av tilfeldig valde oppgåver, for eksempel kontroll av bremsar eller spylevæske.
  • Køyring. Køyringa er den mest omfattande delen og ho finn stad etter ei rute som er bestemt på førehand. Sensor vil gi deg beskjed undervegs kvar du skal køyre.

Du må køyre og løyse oppgåvene sjølvstendig, og prøva vil bli vurdert mest mogleg som ein heilskap. Det er du sjølv som er førar, og har ansvaret for det som blir gjort under prøva.

Oppkøyring

Du får vite om du bestod eller ikkje, med ein gong prøva er over, og du vil få ei skriftleg grunngjeving for resultatet.

Bestod oppkøyring

Når du har bestått oppkøyring får du ein SMS der det står om du kan bestille førarkortet på Di side, eller om du må bestille det på trafikkstasjonen.

Førarkortet blir sendt til deg i posten same korleis du bestiller. Du kan òg hente det sjølv på trafikkstasjonen.

Du får eit mellombels førarbevis når du har bestått oppkøyringa. Dette er berre gyldig i Noreg. Hugs at det er ulovleg å køyre utan førarkort eller mellombels førarbevis.

Bestod ikkje oppkøyring

Om du strauk på oppkøyringa må du vente i minst fire veker før du kan køyre opp på nytt.

Vurderingsskjemaet som sensor fyller ut, får du med deg eller får tilsendt. Det blir då sendt til den digitale postkassa di, eventuelt til Altinn. Dersom du ikkje har digital postkasse, blir det sendt med brevpost til adressa di.

Skjemaet gir deg informasjon som du kan bruke når du førebur deg på ei ny prøve. Du må betale for ei ny prøve.

Sist oppdatert: