Bestill time til teoriprøve
Du tar teoriprøva på ein trafikkstasjon. Før du kan ta teoriprøva, må du søkje om førarkort.
Før du kan ta teoriprøva
Du må først søkje om førarkort på Di side. Etter du har fått beskjed om at søknaden er registrert og godkjend, kan du bestille time til teoriprøva.
Du kan ta teoriprøva tidlegast 6 månader før du fyller alderskravet for klassen du tar førarkort i.
Gjennomføring av teoriprøva
Når du kjem til trafikkstasjonen må du
- vise gyldig legitimasjon
- ta bilete til førarkortet i ein fotoautomat
- betale for biletet og teoriprøva – sjå prisar
Du sit i eit rom saman med andre og svarer på oppgåvene på ein PC.
Treng du tilrettelegging?
Du kan få oppgåvene og svaralternativa lese opp på norsk ved hjelp av lydstøtte. Be om hovudtelefonar på trafikkstasjonen. Du kan be om ekstra tid til å gjennomføre prøva om du får behov for det undervegs. Spør prøveleiaren om dette før tida går ut.
Om du treng anna tilrettelegging enn dette, kan du søkje om tilrettelagd teoriprøve. Dette kan til dømes vere hjelp til å forstå oppgåvene, tolk eller andre behov for tilpassing.
Spesielt for teoriprøva for moped og snøskuter
For mopedklassane (AM 146 og AM 147) og snøskuter (S) er teoriprøva avsluttande prøve.
Dette må vere på plass før du tar teoriprøva
Du må ha gjennomført all opplæring, og ho må vere registrert hos oss.
- Politiet må ha godkjent vandelen din.
- Du må ha fylt 16 år.
- Du kan sjå om vandelen din er godkjend under Status søknadene dine på Di side.
Du må ha med deg syns- eller helseattest i følgjande tilfelle:
- Svarte du «Ja» på eitt av spørsmåla 1–2 om syn og helse, må du ha med synsattest frå ein offentleg godkjend optikar eller augelege.
- Svarte du «Ja» på eitt av spørsmåla 3–17 om syn og helse, må du ha med helseattest frå ein lege.
Du må vere fast busett i Noreg
For å få førarkort må du vere folkeregistrert som busett i Noreg. Har du meldt utflytting eller har d-nummer, får du vanlegvis ikkje førarkort. Om du likevel meiner at du er fast busett i Noreg, til dømes fordi du studerer i eit anna EØS-land, må du dokumentere dette.