Finn informasjon om aldersgrense, språk, temaliste, tid, hjelpemiddel og kor mange rette svar du treng for å bestå.

Før teoriprøva

Ved oppmøte på trafikkstasjonen må du

  • vise gyldig legitimasjon
  • ta bilete til førarkortet i ein fotoautomat
  • betale for biletet og teoriprøva – sjå prisar

Slik gjennomfører du prøva

Du sit i eit rom saman med andre og svarer på oppgåver på ein PC. Tilsette i Statens vegvesen følgjer med på dykk medan de gjennomfører prøva. Dei passar på at de gjennomfører prøva etter retningslinjene våre.

Tillatne hjelpemiddel

Du kan bruke ordbok under prøva – anten di eiga eller ei som finst på trafikkstasjonen. Om du tar med di eiga, vil prøveleiaren gå gjennom ho for å sjekke at ho ikkje inneheld notat. Merk at vi ikkje har ordbøker på alle språk, og at utvalet varierer frå trafikkstasjon til trafikkstasjon.

Det er ikkje lov å ta med andre hjelpemiddel enn ordbok. Men for nokre førarkortklassar får du hjelpemiddel delt ut på trafikkstasjonen:

  • lett lastebil (C1) og minibuss (D1): kalkulator, kladdeark og penn eller blyant
  • lastebil (C, CE) og buss (D): vegliste merkt med «Teoriprøve», kalkulator, kladdeark for lastberekning og penn eller blyant
  • yrkessjåførkompetanse (alle): vegliste merkt med «Teoriprøve», kalkulator, kladdeark for YSK og penn eller blyant

Dersom førarkortklassen din ikkje er nemnd i lista, får du ikkje delt ut hjelpemiddel.

Dette kan du ikkje ha med inn i lokalet

Før du får kome inn i prøvelokalet, må du leggje frå deg ting du ikkje får lov til å ha tilgjengeleg under prøva. Du får tilgang til eit skap du kan låse dei inn i. Ting du må låse inn er til dømes:

  • yttertøy og lue/kaps
  • sekk eller veske
  • termokopp eller drikkeflaske
  • alt du har i lommene
  • klokke (uavhengig av type)
  • elektronisk utstyr som mobiltelefon, smartklokke, smartbriller, øreproppar og liknande
  • papir eller lappar
  • andre ting du kan bruke til å jukse

Konsekvensar ved juks

Om du tar med deg noko som du kan bruke til å jukse med inn i prøvelokalet, vil dei tilsette avbryte prøva di og ta deg med ut av prøvelokalet.

Du kan få karantene på inntil 12 månader dersom Statens vegvesen oppdagar at du har juksa eller prøvd å jukse på teoriprøva. Det vil seie at du må vente 12 månader før du får lov til å ta ny teoriprøve. 

I svært alvorlege tilfelle av juks kan du bli meld til politiet.

Språk

I tillegg til bokmål og nynorsk, kan du for enkelte førarkortklassar også velje andre språk:

  • personbil (B): nordsamisk, engelsk, arabisk (MSA), sorani og tyrkisk
  • moped og motorsykkel (AM 146, AM 147, A1, A2 og A): engelsk
  • snøskuter (S): nordsamisk og engelsk

Du kan når som helst byte språk undervegs i prøva.

Om du vil ta teoriprøva på eit anna språk enn dei som er nemnd over, kan du søkje om tilrettelagd teoriprøve med tolk.

Hjelp og tilrettelegging under teoriprøva

Du kan få oppgåvene og svaralternativa lese opp på norsk ved hjelp av lydstøtte. Be om hovudtelefonar på trafikkstasjonen. Du kan be om ekstra tid til å gjennomføre prøva om du får behov for det undervegs. Spør prøveleiaren om dette før tida går ut.

Om du treng anna tilrettelegging enn dette, kan du søkje om tilrettelagd teoriprøve. Dette kan til dømes vere hjelp til å forstå oppgåvene, tolk eller andre behov for tilpassing.

Aldersgrenser

Her finn du aldersgrensene for å ta teoriprøva i dei ulike førarkortklassane.

Aldersgrenser for de ulike førerkortklassene

Aldersgrenser
Alder Køyretøy
15,5 år

Lett motorsykkel (A1)

Traktor (T)

16 år

Moped (AM146 og AM147)

Snøskuter (S)

17,5 år

Mellomtung motorsykkel (A2)

Personbil (B)

18 år

Lett lastebil (C1)

20,5 år

Stor lastebil (C)

Minibuss (D1)

23,5 år

Tung motorsykkel (A)

Buss (D)

Nedre aldersgrense for å ta teoriprøve i klassane C, CE, D og D1 kan vera lågare om du har gått i gang med eller fullført opplæring etter yrkessjåførforskrifta.

Tid, oppgåver og kor mange rette du treng for å bestå

Kvar oppgåve har fleire svaralternativ, med eitt rett svar. Du kan gå fram og tilbake i prøva og endre svara før tida går ut.

Tabellen under viser kor lang tid du har til å svare på oppgåvene, kor mange oppgåver du får og kor mange rette du må ha for å bestå.

Har du behov for meir tid til å gjennomføre prøva, kan du be om ekstra tid. Spør prøveleiaren før tida går ut.

Teoriprøva for dei ulike klassane

Teoriprøva for dei ulike førerkortklassane
Klasse Køyretøy Tid i minutt Talet på oppgåver Talet på rette for å bestå
A1 Lett motorsykkel 90 40 34
A2 Mellomtung motorsykkel 90 40 34
A Motorsykkel 90 40 34
B Personbil/varebil 90 45 38
C1 Lett lastebil  75 30 25
C Lastebil 120 45 38
CE Lastebil med tilhenger 120 30 25
D Buss 120 45 38
D1 Minibuss 75 30 25
AM 146 Moped med to hjul 60 30 25
AM 147 Moped med tre eller fire hjul 60 30 25
U Utrykkingskøyretøy 60 25 21
T Traktor 90 45 38
S Snøskuter 60 30 25

 

Teoriprøva for yrkessjåfører

Teoriprøven for yrkessjåførar
Klasse Køyretøy Tid i minutt Talet på oppgåver Talet på rette for å bestå
YSKFP Persontransport 120 50 42
YSKUP Utvidelse frå gods- til persontransport 60 25 21
YSKFG Godstransport 120 50 42
YSKUG Utvidelse frå person- til godstransport 60 25 21
  Drosje 60 35 30

Temaliste til teoriprøve

Du finn meir informasjon om innhaldet i teoriprøva i temalistene.

Se alle temalister

Etter teoriprøven

Du får resultatet vist på skjermen straks etter at du har levert. Du får i tillegg tilsendt resultatet av prøva med ei oppsummering av svara på dei ulike temaa.

Bestått

Om du bestod teoriprøva og har gjennomført all opplæringa kan du no køyre opp. Opplæringa må vere registrert i systemet vårt og du kan sjekke kor langt du har kome i opplæringa på Di side under Status søknadene dine. Du må bestå oppkøyringa innan tre år etter at du har bestått teoriprøva.

Om du tar førarkort for moped (klasse AM 146 eller AM 147) eller snøskuter (klasse S), er teoriprøva avsluttande prøve og du skal ikkje køyre opp. Bestod du prøva må du bestille førarkort på Di side før du kan køyre.

Ikkje bestått

Om du ikkje består teoriprøva, må du vente to veker før du kan ta ei ny prøve. Tar du teoriprøva for klasse C, CE, D og DEI, må du vente i ei veke.

Når du har bestilt ny teoriprøve og møter opp til den nye prøva, må du vise gyldig legitimasjon og betale for teoriprøva på nytt.

Spesielt for teoriprøva for moped og snøskuter

For mopedklassane (AM 146 og AM 147) og snøskuter (S) er teoriprøva avsluttande prøve.

Dette må vere på plass før du tar teoriprøva

Du må ha gjennomført all opplæring, og ho må vere registrert hos oss.

  • Politiet må ha godkjent vandelen din.
  • Du må ha fylt 16 år.
  • Du kan sjå om vandelen din er godkjend under Status søknadene dine på Di side.

Du må ha med deg syns- eller helseattest i følgjande tilfelle:

  • Svarte du «Ja» på eitt av spørsmåla 1–2 om syn og helse, må du ha med synsattest frå ein offentleg godkjend optikar eller augelege.
  • Svarte du «Ja» på eitt av spørsmåla 3–17 om syn og helse, må du ha med helseattest frå ein lege.