Tilrettelagd teoriprøve med tolk og sensor
Du kan søkje om å bruke tolk dersom du ønskjer å gjennomføre teoriprøva på eit anna språk enn dei som er tilbodne. Du må sjølv betale for å bruke tolk.
Du kan bruke tolk når du skal ta teoriprøva for bil, moped/mopedbil, traktor, motorsykkel og snøscooter.
Du kan ikkje bruke tolk når du skal ta teoriprøve for ADR, drosjesjåførkompetanse og yrkessjåførkompetanse, eller teoriprøva for tunge klassar (klasse C1, C, CE, D1 eller D).
Tolken deltar digitalt på skjerm
Du sit saman med sensor på eit eige rom, medan tolken deltar digitalt på skjerm. Sensor formidlar oppgåvene til tolken, slik at du får oppgåvene opplesne på ditt eige språk. Du svarar til tolken på ditt eige språk, eller til sensoren på norsk.
Du må leggje ved dokumentasjon når du søkjer
Dokumentasjonen kan vere frå fastlegen din, logoped, PP-tenesta eller ein lærar, og må stadfeste at du treng tilrettelegging.
Du må bestille tolk sjølv
Du må bruke ein godkjend tolk frå ei etablert tolketeneste. Sidan tolken deltek digitalt, kan de vere i ulike delar av landet. Du må betale for tolken sjølv.
Slik går du frem for å søkje
Søk om førarkort
Du må søkja om førarkort før du søkjer om tilrettelagd teoriprøve.
Søk om tilrettelagd teoriprøve
Fyll ut dette skjemaet for å søkje om å ta tilrettelagd teoriprøve. Du kan ikkje bestille time før søknaden er godkjend.
Dei fleste får svar på søknaden sin innan to veker, men det kan ta opptil fire veker.
Bestill time til teoriprøve
Når søknaden din er godkjend, må du logge inn på Di side for å bestille time til teoriprøve.
Bestill tolk av eit tolkefirma
Kontakt tolkefirma for bestilling av tolk til prøva. Du er sjølv ansvarleg for å bestille tolk til riktig dato og tid.
Tolkane som blir nytta til dette må vere godkjende av Statens vegvesen, noko etablerte tolkefirma er kjende med. Tolken er digitalt med på skjerm medan du gjennomfører teoriprøva.
Du må betale for tolken sjølv.