Bestill prøveskilt
Skal du prøvekøyre eit køyretøy som ikkje er registrert, flytte det, eller køyre det i samband med reparasjon eller fortolling må du bruke eit prøveskilt.
Prøveskilt kan berre brukast på køyretøy som er avregistrert eller ikkje har vore registrert i Noreg. Som sjåfør har du ansvar for at køyretøyet er i forsvarleg stand når det er i bruk. Alle over 16 år kan kjøpe prøveskilt, anten til eigne køyretøy eller til andre sine.
Hovudregelen er at du kan kjøpe prøveskilt for 24 timar.
Du kan bruke prøveskilt ved
- prøvekøyring, til dømes i samband med kjøp og sal
- flytting av køyretøy frå ein stad til ein annan, til dømes i samband med reparasjon eller kontroll
- køyring i samband med fortolling, godkjenning og registrering
- sleping av køyretøy når slepinga krev at ein person sit i førarsetet
Når og kvar skal du køyre?
Skal du køyre med prøveskilt innen ti vyrkedagar, kjøper du prøveskilta på trafikkstasjonen. Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Du må også kjøpe prøveskilta på ein trafikkstasjon dersom
- køyretøyet ikkje har vore registrert i Noreg (import)
- du skal køyre i Sverige, Danmark eller Finland
- du skal prøvekøyre med passasjerar, utstyr, bagasje eller anna gods
- du vil søkje om prøveskilt som varar lengre enn 24 timar (antall dagar skal avgrensast til det som normalt er nødvendig i kvart tilfelle)
Når du kjøper prøveskilt må du oppgi følgjande
- fødsels-/organisasjonsnummer
- understells-/registreringsnummer
- kvar og når prøveskilta skal brukast
Er det meir enn ti vyrkedagar før du skal bruke prøveskilta, kan du få dei tilsende i posten. Du kan tidlegast bestille prøveskilt 60 dagar før du skal bruke dei.
Andre kan hente prøveskilt for deg
Dersom nokon andre enn den som har bestilt prøveskilta skal hente dei på ein trafikkstasjon, må den som hentar dei ha med ei fullmakt.
Fullmakta må vere på papir og må innehalde
- namn på bestillaren som gir fullmakt
- signatur frå den som gir fullmakt
- legitimasjon eller kopi av legitimasjon frå den som gir fullmakt
- namn på den som har fått fullmakta til å hente prøveskilta
- nummeret på prøveskilta som skal hentast
Du må bestille time og ha med gyldig legitimasjon når du skal til ein trafikkstasjon.
Når skal du ikkje bruke prøveskilt?
Du kan ikkje bruke prøveskilt til vanleg køyring. Det gjeld til dømes
- rallykøyring og andre billøp
- øvingskøyring
- russearrangementer
- campingtur
Plassering av prøveskilta
Prøveskilt er laga av ein folie som du klistrar på køyretøyet der dei vanlege skilta er plassert. Vi tilrår at du fjernar dei vanlege skilta før du set på prøveskilt. Prøveskilta skal kastast etter bruk.
Hugs køyresetelen
Du får ein køyresetel saman med prøveskiltet. Denne må du ha med under køyring og vise ved kontroll langs vegen.
Import av køyretøy
For eit køyretøy som ikkje tidlegare har vore registrert i Noreg kan du berre kjøpe prøveskilt på ein trafikkstasjon. Du må bestille time, ha med gyldig legitimasjon og oppgi opplysningar om køyretøyet. Du bør oppgi
- understellsnummer
- merke og årsmodell
- type køyretøy (som personbil, motorsykkel eller liknande)
- registreringsår (dersom bruktimport)
Pris og forsikring
Prøveskilt kostar 340 kroner per døgn.
Gebyret du betaler for prøveskilta kan ikkje refunderast.
Ansvarsforsikring dekt av Statens vegvesen er inkludert i prisen. Denne forsikringa har ingen eigenandel.