Parkeringsregulerande skilt gjeld i hovudsak i køyreretning frå der dei er sette opp og fram til neste skilt eller vegkryss.

I Noreg er køyreretning på høgre side av vegen, så vanlegvis gjeld skiltet i den retninga. Retninga for kvar skiltet gjeld, kan endrast ved at det blir sett opp eit skilt med ei pil under hovudskiltet (underskilt nr. 828, som vist i skiltforskrifta).

Pila på skiltet viser deg kva retning skiltet gjeld, eller om det til dømes gjeld i begge retningar. Desse skilta kan også vere i vassrett posisjon. Då gjeld reguleringa i den retninga pila peikar.

Når du parkerer, må du i tillegg syte for at heile køyretøyet er parkert innanfor verkeområdet for skilta. Om du til dømes parkerer slik at delar av køyretøyet er utanfor skiltstolpen, kan du risikere å vere omfatta av andre reglar på same strekning.

Parkering på parkeringsplass

Ver merksam på skiltinga når du skal parkere inne på ein avgrensa parkeringsplass. Her kan det vere andre reglar enn langs vegstrekninga. På eit slik område vil ofte eit oppsett skilt, til dømes ved innkøyringa, gjelde for heile det aktuelle området. Det er derfor ekstra viktig at du er merksam på skiltinga der du parkerer.

Parkering innanfor ei sone

Dersom du køyrer inn i eit område der det er sett opp soneskilt, vil dette gjelde heilt til skilt som viser «slutt på sone» er sett opp. Skiltet blir altså ikkje oppheva av kryss eller andre skilt, slik som for andre parkeringsregulerande skilt. Innanfor sona kan det derfor vere sett opp andre skilt som du også må følgje.

Parkering mot køyreretning eller i einvegskøyrd gate

Det er lov å parkere mot køyreretning, men parkerer du sånn, kan du bli forvirra med tanke på kvar det oppsette skiltet på staden er meint å gjelde.

En bil står feilparkert i feltet for
Pilen viser hvilken retning skiltet gjelder.

På biletet er det sett opp eit skilt som viser at parkering er reservert for forflyttingshemma med parkeringsløyve. Dette skiltet gjeld i køyreretning, som her er vist med ei raud pil. Den parkerte bilen står parkert mot køyreretninga (høgre side av vegen), og har kanskje vorte forvirra over kvar skiltet gjeld. Det var ikkje lagt fram noko parkeringsløyve i frontruta, og bilen på biletet står derfor ulovleg parkert.

Dersom ei gate er skilta som einvegskøyrd, vil det berre vere snakk om éi køyreretning, slik at oppsette parkeringsregulerande skilt gjeld i ei og same retning, uavhengig av kva side av vegen dei er sette opp på. På biletet ser du ei gate der det er skilta på denne måten, her gjeld all «stans forbode» på begge sider av vegen, i same retning.

Skilting i enveiskjørt gate.
Skilting i enveiskjørt gate Foto: Google Maps