Dersom du parkerer ulovleg, kan du få ei parkeringsbot. Her kan du lese om dei ulike typane parkeringsbøter, og korleis du klagar på dei.

Statens vegvesen er ikkje klageinstans. Vi har heller ikkje myndigheit til å vurdere ei sak eller høve til å kommentere ho. 

Ei parkeringsbot er anten ein kontrollsanksjon eller eit parkeringsgebyr. Det står på parkeringsbota kva type bot det er.

Kontrollsanksjon – parkeringsbot på område med vilkår for parkeringa

Kontrollsanksjon blir brukt på parkeringsområde der det er vilkår for parkeringa. Du kan få ein kontrollsanksjon dersom du bryt parkeringsforskrifta. Det gjer du til dømes når

  • du ikkje har betalt
  • parkeringstida har gått ut
  • du ikkje har parkeringsløyve
  • du har parkert i strid med reglane om biloppstilling
  • du står på ein plass for forflyttingshemma utan å ha gyldig HC-bevis

Parkeringsbetjentar har fast løn uavhengig av kor mange bøter dei skriv ut. Dei får ikkje provisjon. Dette er fastsett i parkeringsforskrifta.

Kor mykje må du betale i kontrollsanksjon?

Storleiken på ein kontrollsanksjon avheng av kor alvorleg brotet er. Kor mykje du må betale, er fastsett ved lov:

  • 330 kroner – for å parkere på ein plass reservert kunde, besøkjande eller gjest, eller for å stå på ein plass med tidsavgrensa gratisparkering utan parkeringsskive eller parkeringsbillett for tidsrommet
  • 660 kroner – for å parkere utan parkeringsbevis eller -billett, eller med utgått billett, eller liknande
  • 990 kroner – for å parkere utan løyve på ein plass reservert for forflyttingshemma eller liknande

Klage på ein kontrollsanksjon

Kva kan du klage på?

Både Parkeringsklagenemnda og Forbrukarrådet har ei oversikt over saker det nyttar å klage på, og saker det ikkje nyttar å klage på:

Slik klagar du på ein kontrollsanksjon

Kontakt parkeringsverksemda som har gitt deg bota. Kontaktinformasjonen og reglane for å klage skal stå på parkeringsbota.

Fristen for å klage er tre veker frå du fekk bota.

Har du fått avslag på klagen din på ein kontrollsanksjon?

Dersom parkeringsverksemda har avslått klagen din, kan du klage saka vidare til Parkeringsklagenemnda.

Fristen for å klage til Parkeringsklagenemnda er eitt år etter at du klaga til parkeringsverksemda.

Må du betale ein kontrollsanksjon du har klaga på?

  • Dersom du klagar til parkeringsverksemda innan tre veker etter at du fekk bota, treng du ikkje betale før du eventuelt får avslag på klagen.
  • Dersom du klagar til Parkeringsklagenemnda innan tre veker frå du fekk avgjerda frå parkeringsverksemda, treng du ikkje betale før du eventuelt får avslag på klagen.

Du må betale kontrollsanksjonen dersom du klagar seinare enn dette. Dersom du får medhald i klagen, får du beløpet tilbakebetalt.

Parkeringsgebyr – parkeringsbot når du bryt vegtrafikklova, trafikkreglane eller skiltforskrifta

Parkeringsgebyr blir gitt for brot på vegtrafikklova, trafikkreglane eller skiltforskrifta. Eit slikt brot kan til dømes vere dersom du parkerer der det er skilta med parkerings- eller stanseforbod, eller dersom du parkerer i kryss, på fortau, for nær eller på gangfelt eller i sykkelfelt.

Les meir om parkeringsskilt og parkering i vegkryss.

Kor mykje må du betale i parkeringsgebyr?

Gebyret er på 900 kroner. Dette beløpet er fastsett i forskrift.

Klage på eit parkeringsgebyr

Slik klagar du på eit parkeringsgebyr

Du må klage til den verksemda (kommunen eller politiet) som gav deg bota. Kontaktinformasjonen og reglane for å klage skal stå på parkeringsbota.

Fristen for å klage er tre veker frå du fekk bota.

Har du fått avslag på klagen din på eit parkeringsgebyr?

Dersom kommunen eller politiet avslår klagen din, kan du krevje at dei sender saka til behandling i tingretten.

Fristen for å klage til tingretten er tre veker etter at du fikk melding om avslaget.

Må du betale eit parkeringsgebyr du har klaga på?

Du må betale gebyret innan tre veker. Dette gjeld sjølv om du har klaga på det. Dersom du får medhald i klagen, får du gebyret tilbake.