Det er føraren sitt ansvar at køyretøyet er lovleg parkert.

Parkering er definert i trafikkreglane som “Enhver hensetting av kjøretøy, selv om føreren ikke forlater det. Unntatt er kortest mulig stans for av- eller påstigning eller av- eller pålessing.”

Det vil seie at sjølv om du sit i køyretøyet med motoren i gang, så er køyretøyet parkert.

Korte stopp for å lesse av eller på last, eller for å plukke opp eller sleppe av folk, er etter føresegna ikkje definert som parkering. Dette har du altså lov til å gjere, sjølv om det på staden er eit forbod mot parkering. Unntaksregelen har nokre klare avgrensingar:

  • "kortast mogleg" vil seie at ein ikkje kan gjere noko anna enn den konkrete lessinga eller av/påstiginga under den tida ein står parkert
  • "lessing" vil seie at det som blir handtert, må ha ei viss tyngd, mengd eller storleik

Unntaksregelen gjeld stader der det er forbode å parkere, anten ved at det er skilta eit forbod mot parkering, eller stader der det etter reglane er forbode å parkere, som framfor inn- eller utkøyrsel, eller i gågate

Nokre døme på kva som er ulovleg

  • hente eller levere ei letthandterleg pakke, gjenstand, brev eller liknande. Du kan til dømes ikkje setje bilen frå deg ein stad der det er parkeringsforbod, for så å hente eller levere mat (typisk take-away), medisinar på apoteket eller handleposar frå butikken
  • vente på den eller dei du skal hente. Den som skal inn i bilen, må vere klar, slik at påstiginga tek kortast mogleg tid.
  • gjere andre ting under den tida du lesser, som å ta ein telefon, gå på butikken eller på toalettet. Du kan heller ikkje pakke ned eller ut det som skal lessast, alt må vere klart til sjølve lessinga.
  • å lesse av og på på skilta plassar reservert for forflyttingshemma.

Unntaket gjeld aldri på stader der det er stanseforbod. På slike stader er det ikkje berre eit forbod mot å parkere, men eit totalforbod for alle typar stans.

Du kan altså aldri drive av- og pålessing eller sleppe av eller på passasjerar på strekningar der det ikkje er lov til å stanse. Dette gjeld strekningar som er skilta med «stans forbode» og på fortau, gangfelt, i kryss, sykkelfelt, kollektivfelt, eller andre slike stader der det er bestemt at det er forbode å stanse.

Det vil seie at du til dømes ikkje kan setje bilen frå deg på fortauet fordi du skal flytte, sjølv om dette er enklast for deg. Du kan heller aldri sleppe av eller på passasjerar på fortauet, eller i eller for nære eit kryss eller gangfelt.

Føraren har plikt til å forsikre seg om at køyretøyet er lovleg parkert (aktsemdsplikt)

Aktsemdsplikta tyder at du som førar har plikt til å syte for at køyretøyet er lovleg parkert. Det vil seie at du må sjå etter parkeringsregulerande skilt eller oppmerkingar som har noko å seie for parkeringa. (vegtrafikklova § 5, første ledd)

Aktsemdsplikta blir halden svært strengt. Dersom du skal klage på ei parkeringsbot, vil det ikkje vere tilstrekkeleg at du som førar meiner at du ikkje har sett det skiltet som stod oppført i det du parkerte.

Sist oppdatert: