Du må parkere som anvist ved skilt eller oppmerking, og innanfor oppmerkt felt der dette finst.

Det er ditt ansvar å undersøkje at du parkerer i tråd med både skilt som er sett opp på staden og innanfor oppmerkte felt i bakken der dette finst.

Et område med mange bilder og oppmerking for parkering.
Oppmerking er et supplement til skilting. Foto: Statens vegvesen

Oppmerking er eit supplement til skilting

Det tyder at du først og fremst må undersøke skiltinga på staden for å vite om det er tillate å parkere innanfor det oppmerkte feltet (skiltforskrifta § 21 nr.2).

Korkje manglande, eller svak oppmerking i bakken kan endre skilttydinga. Til dømes vil ein plass som er reservert forflyttingshemma med skilt gjelde sjølv om det ikkje er oppmerkt rullestolsymbol i bakken.

Når det gjeld parkering «innanfor oppmerkt felt» tyder dette at du må syte for at heile køyretøyet ditt står innanfor det tiltenkte feltet.

Parkeringsklagenemnda, som er eit nøytralt organ som søkjer å løyse tvistar om vilkårsparkering mellom bilførar og parkeringsoperatørar, har i ei rekkje saker slege fast at dersom køyretøyet blir parkert på ein slik måte at det oppstår luft mellom dekket og den ytre oppmerkinga, vil dette vere klart utanfor feltet.

Om køyretøyet ditt er for stort for parkeringsfeltet, kan du altså ikkje parkere der. Parkerer du til dømes med hengar, må du betale for dei felta du tek opp.

Dersom det ikkje er plass til å parkere desse kopla saman, må du parkere hengaren og køyretøyet kvar for seg, innanfor kvart sitt felt. Du må i tillegg betale eventuell parkeringsavgift for både hengar og motorvogn som du parkerer.

Motorsykkel, moped og liknande registreringspliktige motorvogner må også plasserast innanfor oppmerkt felt der dette finst. Du må følgje trafikkreglane, uavhengig av storleiken på motorvogna di.