Det er ikkje lov å stanse i eit vegkryss eller nærare enn 5 meter frå vegkrysset frå det punktet der fortauskant, kantlinje eller vegkant byrjar å runde.

Omsynet bak femmeters-regelen er at den som parkerer, ikkje skal hindre sikt for andre køyrande eller gåande i krysset.

Dersom du er usikker på om du står parkert lovleg, kan du finne det punktet i kantlinja, kantsteinen, vegkanten der han byrjar å runde og skritte opp fem meter.

På illustrasjonen under står den raude bilen feilparkert fordi han er for nær krysset, medan den grøne står korrekt fordi han står parkert meir enn fem meter frå krysset.

Ein grøn bil som er lovleg parkert, meir enn fem meter fra kryss, og ein raud pil som er ulovleg parkert, for nær krysset.
Den grøne bilen er parkert rett. Illustrasjon: Statens vegvesen

Kva er eit kryss?

Eit vegkryss blir i lova definert som ein stad der ein veg kryssar eller munnar ut i annan veg. Det er viktig at du som er sjåfør, veit kva som blir definert som veg, slik at du også veit kva som dannar eit kryss i praksis.

Trafikkreglane definerer kva ein veg er. Det omfattar mellom anna

  • offentlege eller private vegar og gater
  • plassar som opplagsplass, parkeringsplass, haldeplass og bru
  • skilta og åtskilt gang- og sykkelveg

Det vil til dømes seie at det er eit vegkryss når ein skilta gang- og sykkelveg munnar ut i ein annan veg. Det same gjeld ved utkøyringa til ein parkeringsplass. Du må derfor overhalde regelen om fem meters avstand til vegkryss også når du parkerer ved slike stader.

Skiltmyndigheitene kan fråvike trafikkreglane ved å setje opp skilt som opnar for parkering nærare enn fem meter frå krysset.

Parkering i T-kryss

Eit kryss kan ha ulik utforming etter kor mange vegar som møtest på staden.

Der berre to rette vegar møtest, slik at éin veg munnar ut i ein annan, oppstår eit T-kryss. Dette heiter det fordi det liknar på bokstaven T.

Den gjennomgåande vegen som går på tvers og som utgjer toppen av bokstaven T, kallar vi ofte tverrstreken. Stanseforbodet i trafikkreglane gjeld også for denne vegsida.

Sidan det på denne vegsida ikkje er noka kantlinje eller fortauskant som rundar, vil det heller ikkje vere noko punkt å måle fem meter frå.

Langs den rette strekninga vil det heller ikkje vere det same behovet for sikt for andre trafikantar. Derfor gjeld femmetersregelen i utgangspunktet ikkje for denne rette vegsida. Regelen om T-kryss føreset at den gjennomgåande vegen er forholdsvis rett.

Det vil uansett vere forbode å parkere i sjølve krysset, då bilar som parkerer her, kan hindre trafikkflyten langs vegen. På smalare vegar kan det til dømes vere veldig vanskeleg å svinge ut av den møtande vegen dersom det står bilar parkert midt i krysset.

Illustrasjonen under viser med dei stipla linjene kva som er rekna for å vere «i krysset», altså den staden der vegen munnar ut i den andre. Dei raude bilane står ulovleg parkerte i T-krysset medan den grøne står lovleg parkert utanfor T-krysset.

Ein grøn bil som er lovleg parkert utanfor T-krysset, og to raude biler som er ulovleg parkerte i T-krysset.
Lovleg og ulovleg parkering i T-kryss. Illustrasjon: Statens vegvesen

Som for andre kryss kan skiltmyndigheitene fråvike det generelle forbodet i T-kryss ved å setje opp skilt om dette.