Du kan søkje kommunen om HC- kort om du har behov for parkeringslettar fordi du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg.

Du kan søkje om parkeringsløyve som førar eller passasjer. Søknadskjema får du ved å kontakte kommunen du bor i. Alle vilkår må vere oppfylte før søknaden kan innvilgast.

Krav til deg som søkar

For å søkje om parkeringsløyve må du

  1. ha legeattest som viser at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over noka lengde
  2. kunne dokumentere at du har eit særleg behov for å parkere nær spesifikke stader som bustad, arbeidsplass, skole eller i samband med annan aktivitet

Når du søkjer om løyve som passasjer, gjeld eit tilleggsvilkår om at du må ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet.

Parkeringsløyvet er personleg, og det er ikkje lov for andre å bruke det. For at kortet skal vere gyldig når du har løyve som passasjer, må du sjølv vere med i bilen ved parkering.

Kvar gjeld parkeringsløyvet?

Med parkeringsløyve for forflyttingshemma kan du parkere på parkeringsplassar reserverte for forflyttingshemma.

I tillegg gir løyvet deg rett til å parkere gratis på

  • avgiftspliktige kommunale parkeringsplassar
  • andre avgiftspliktige vilkårsparkeringsplassar der det ikkje er skilta med betalingsplikt for forflyttingshemma
  • stader der det er innført kommunal bustadsoneparkering

Ver merksam på at løyvet ikkje opnar for ulovleg parkering på til dømes fortau eller i kryss, eller på plassar reserverte for andre køyretøy- og trafikantgrupper, som til dømes ladbar motorvogn, ambassadar, varebil, taxi og buss eller liknande.