Endring av reguleringsplan for E16 Arna-Stanghelle ligg no ute til offentleg ettersyn. Frist for å levere merknad til planforslaget er 28. januar 2024.

FAS kunngjorde omreguleringa i juni i år , og i samsvar med plan- og bygningslova §3-7 og §12-10 legg  Statens vegvesen og Bane NOR no forslag til endring av reguleringsplan for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle ut til offentleg ettersyn.

 Frist for å levere merknad til planforslaget er 28. januar 2024. Meir informasjon om korleis du sender inn merknad finn du lengre ned på sida.

Planarbeidet er gjennomført i samråd med kommunane Bergen, Vaksdal og
Samnanger. Kommunane er planmynde, og vil stå for politisk slutthandsaming av dei respektive delane av planen. Arbeidet med reguleringsendring vart varsla i juni 2023.

Om endringane i reguleringsplanen

Endringane gjeld i hovudsak midlertidig arealbruk i anleggsperioden. Det gjeld mellom anna anleggstverrslaga ved Romslo, Langhelleneset, og Fossmark/Gamle Fossen.

Bakgrunnen er endra løysing for nedføring av steinmassar til sjødeponi. Nye løysingar i fjell vil her erstatte opprinneleg plan med nedføring frå flytande kaianlegg. Endring i midlertidig arealbruk og trafikksystem gjeld også Trengereid og Rødberg der FAS mellom anna må sikre trygg og stabil tilkomst til Trengereid i heile anleggsperioden. Trengereidsvingane må periodevis stengjast. I Samnanger kommune vert regulert eit midlertidig riggareal ved Gullbotn.

For permanent arealbruk vert sjødeponi Romslo flytta 1,3 km austover til ny lokalitet Naustvika. Her er det gjennomført konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2. På Trengereid er planlagt gang- og sykkelveg i Trengereiddalen flytta nærare fv.49. I Vaksdal kommune vert det regulert ny permanent vekt- og kontrollplass ved Furnestreet. Her er det også nokre mindre planendringar på Vaksdal og ved Dalehagen.

Her kan du lesa meir utfyllande om endringane som vert  foreslått  i dei tre kommunane

Oversiktskart

Kart over områda som FAS søker å regulere om.

Plandokument Bergen

Plandokument Samnanger 

Plandokument Vaksdal

Send inn merknader til planforslaget

Grunneigarar og andre interessentar kan sende inn skriftlege merknader til
planforslaget innan 28. januar 2024. Merknader sendast per post eller epost
til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS), og må merkast med referanse
«FAS 23/115855».

Postadresse: Statens vegvesen v/Olav Lofthus,
Postboks 1010 NordreÅl
2605 Lillehammer.

Epost:  (merkast med «FAS 23/115855» i Emne-felt)

Spørsmål kan rettast til


Alle innsendte merknader vert oppsummert og vil følgje plansaka vidare til politisk
handsaming.