Planprogram ut på høyring

— I samband med oppstart av statleg reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle, blir no planprogram og silingsrapport lagt ut til offentleg ettersyn i kommunane Bergen, Vaksdal, og Osterøy. Statens vegvesen og Bane Nor ber om innspel til arbeidet.

Prosjektleiar har orientert Regionalt Planforum

— I desse dagar har Vegdirektoratet fått planprogrammet frå prosjektgruppa til gjennomlesing, og det er til slutt Kommunal- og moderniseringsdepartementet som avgjer kva tid dette skal ut på høyring.

Tilrår veg gjennom Vaksdal

— Prosjektgruppa har gjort nye utgreiingar i Vaksdal og Trengereid. Prosjektgruppa vil mellom anna tilrå veg gjennom Vaksdal og ny utforming av kryss på Trengereid. Løysningar som er billigare enn andre alternativ.

Silingsrapporten er snart klar

— Fellesprosjektet E16 Vossebanen Arna – Stanghelle har gjennom eit forprosjekt gjennomført ei omfattande siling av alternative løysingar for veg og jernbane innanfor K5-konseptet frå konseptvalutgreiinga.

Vil kartlegge om Grimevatnet kan ta i mot stein

— Denne veka vil Statens vegvesen i samråd med Bergen kommune og Fylkesmannen starte kartlegging av Grimevatn. Her skal ein sjå om det er grunnlag for å starte eit vegprosjekt som skal betre tilhøva for bebuarar, bilistar og ikkje minst for gåande- og syklistar i området.

Skal finne ut av grunnforholda

— I desse dagar er geoteknikkarar frå Statens vegvesen i gong med grunnundersøkingar på Stanghelle, Vaksdal og Romslo.