Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
Den første tunnelkontrakten for bygging av transport- og tilkomsttunnelar vil etter planen få anleggstart i 2026.
E16 mellom Trengereid og Helle vil bli ferdig bygd og opna for trafikk i løpet av 2037, medan ny E16 mellom Arna og Trengereid er venta opna i løpet av 2038. Ny jernbane mellom Arna og Stanghelle er venta opna i løpet av 2038, medan fullt dobbeltspor mellom Arna og Stanghelle er venta opna i løpet av 2039.
Siste nytt:
3. juni 2025: Finansieringa av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er godkjent av Stortinget
9. mai 2025: Fellesprosjektet startar berg- og skredsikring på Vaksdal, Helle og Stanghelle
Arna-Stanghelle-Voss er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo, både på veg og på jernbane. I dag er veg- og jernbanestrekninga prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar, og skredutsette område. Det gir ein lite effektiv og føreseieleg reiseveg for trafikantar og næringsliv og store kostandar for samfunnet. I tillegg er det mange trafikkulukker. Hovudproblemet er særleg dei mange alvorlege møteulukkene.
Prosjektet er eit fellesskap mellom Bane NOR og Statens vegvesen der veg og bane vert bygt ut samtidig, frå Arna utanfor Bergen, til Stanghelle i Vaksdal kommune. På grunn av den vestlandske topografien med bratte fjell og djupe fjordar, skal traseen i all hovudsak verte lagt i tunnel.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle vil gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane og redusert reisetid.
Slik blir ny veg og bane:
- Ny E16 vert bygt som firefelts veg frå Arna til Trengereid, og vidare mot Stanghelle som tofelts veg.
- Jernbana vert bygd som dobbeltspora tunnel mellom Arna stasjon til ny stasjon på Vaksdal, og vidare til ny stasjon på Stanghelle.
- Nesten 80 kilometer med tunnelar skal byggast i det som er landets største tunnelprosjekt gjennom tidene.
- Byggetida er forventa å vere om lag 12 til 14 år.
Under kan du sjå korleis veg og bane vil sjå ut med ny løysning.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle - vedteken løysing

- Vei:
- E16
- Fase:
- Byggefase
- Kommuner:
- Vaksdal, Bergen
- Fylker:
- Vestland
- Lengde:
- 30 km veg og jernbane
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2025–2036
- Totalkostnad:
- Omlag 40 milliarder 2025-kroner (prognose)
- Antatt åpnet:
- 2037
Kontakter
- Finansieringa av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er godkjent av Stortinget
- Fellesprosjektet startar berg- og skredsikring på Vaksdal, Helle og Stanghelle
- Avlyser konkurranse om rammeavtale for rådgivnings- og prosjekteringstjenester til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
- Første anleggskontrakt på Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er signert
- Milliardavtale kunngjort for Noregs største tunnelprosjekt