Framdrift
Her finn du ei oversikt over viktige milepælar for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
- I mai 2025 startar arbeid med berg- og skredsikring av dei framtidige anleggsområda.
- I april 2025 vart Stortingsproposisjonen sendt til Stortinget for handsaming.
- Prosjektet er fullfinansisert med oppstart i første periode i NTP 2025-2036.
- I 2023 vart det gjennomført ei ekstern og uavhengig kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. KS2 er ein del av statleg prosjektmodell, og er grunnlag for investeringsavgjerd frå Stortinget.
- Prosjektet har fått løyvingar over Statsbudsjettet i 2022, 2023 og 2024 til førebuande arbeider. Pengane har mellom anna gått til kjøp av eigedommar, framføring av anleggsstraum og detaljert beskriving av dei første kontraktane som skal ut i marknaden.
- Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) godkjente reguleringsplanen for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle april 2022.