Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har gjeve klarsignal til døgndrift av Skogafjellstunnelen sidan ein no er komen langt inn i tunnelen.

Den 1.250 m lange Skogafjellstunnelen er den sørlegaste av tunnelane på motorvegprosjektet E39 Svegatjørn-Rådal, mellom Os og Bergen. Døgndrift betyr at entreprenøren har høve til å sprenge tunnelsalver også mellom kl. 22.00 og 07.00.

Vanskelegare fjell

Når ein er komen så langt i drivinga som no på båe dei to tunnelane skjer arbeidet lengre frå næraste busetnad. Naboane i sør vil i mindre grad merka rystingar frå sprenging, og i endå mindre grad etter kvart som ein kjem lenger nordover mot Endalausmarka.

Tunneldrivarane er inne i ei sone med meir vanskeleg fjell. Dette var forventa på førehand. Men omfanget av vatn i fjellet er vanskeleg å kartlegge på førehand. Det viser seg at det har vore behov for ein god del innsprøyting av betong for å stabilisere fjellet før sprenging.

Det har frå før vore døgndrift i Skogafjellstunnelen frå nord, der det ikkje er busetnad. Det same gjeld for driving av Lyshorntunnelen sørover frå Hamre i Fana siste tida. Også her er tunnelarbeidarane komne langt nok vekk frå næraste busetnad.

Skogafjellstunnelens innslag frå Svegatjørn
Døgndrift i tunnel

Aktuelt for fylke(r): Vestland