Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Driving av første tunnel i den nye E39-lina mellom Os og Bergen er no i gang. Skogafjellstunnelen i Os er under bygging.

Anleggstunnelen i eit tverrslag frå Hamrevegen i Fana har vore under sprenging ei god stund alt. Denne gir tilkomst til seinare driving av Lyshorntunnelen på nye E39 i retning nordover mot Rådal i Bergen og sørover mot Endalausmarka i Os.

Trafikken på E39 ved Svegatjørn måtte vente i 4–5 minutt då første sprenging kom kl. 15.52 tirsdag 23. februar. Korte stogg i trafikken vil kunne påreknast enno ei tid – inntil tunnelmannskapa kjem lengre inn i Skogafjellet.

Aktuelt for fylke(r): Vestland