Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Rv.580 Flyplassvegen i Bergen blir stengt frå laurdag 9.april kl.19.00 til søndag 10.april kl.04.00 pga anleggsarbeid.

Oppgåva som skal gjerast desse ni helgetimane er fjerning av reisverket på den nye gang- og sykkelvegbrua ved Skeievatn og Fana golfklubb. Då vil det mellom anna vere mobilkranar oppstilt i køyrebana. Det betyr at Flyplassvegen er stengt for all trafikk mellom Sandslikrysset og Rådalskrysset desse timane. Det same gjeld gang- og sykkelvegen.

Fri høgde under brua

Skyss legg om ruta for buss 53, og informerer passasjerane. Det same gjeld Flybussen for trafikk laurdag kveld etter kl. 19.00. Busstoppa Rådal, Meyerskiftet og Håvardstun blir stengde i perioden.

Gjeldande høgdegrense for passering under brua blir oppheva når arbeidet er fullført natt til søndag

Aktuelt for fylke(r): Vestland