Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Espen Hammersland har slutta som prosjektleiar for Sotrasambandet. Arve Tjønn Rinde tek imot stafettpinnen 1. september.

Rinde kjem frå stillinga som avdelingsdirektør trafikant- og køyretøy i Region vest. Ei stilling han har hatt sidan august 2016. Før han byrja i Statens vegvesen har Rinde bak seg fleire leiarstillingar i ei rekkje ulike selskap innan olje- og gassbransjen.

-Erfaringa mi er brei og er har arbeidd i ulike rollar innan prosjektområdet og i ulike prosjektorganisasjonar. Då stillinga som leiar for Sotrasambandet dukka opp var det freistande å prøve noko nytt og ukjent og da gjerne i framtidas divisjon utbygging med hovudsete i Bergen, forklarar Rinde. Han har mellom anna internasjonal kontrakt og leiarbakgrunn frå TTS Offshore Solutions AS, Aker Solutions AS, Reinertsen AS og ABB Olje og Gass. Han er utdanna sivilingeniør innan bygg- og anleggsfag på NTNU med spesialisering innan konstruksjonsteknikk av stål og betong konstruksjonar samt har vore gjennom to leiarutviklingsprogram.

-Det er litt trist å forlate ein så flott gjeng som er har fått leia på avdeling som trafikant og køyretøy området i region vest. Samstundes kunne eg ikkje la denne sjansen gå frå meg og spesielt når oppgåva handlar om bruer og konstruksjonar i gigantklassen. Frå gammalt av har eg erfaring får design, bygging og installasjon av stålbruer mellom oljeplattformene i Nordsjøen og det å få arbeide med Sotrasambandet og ei ny Sotrabru triggar meg skikkeleg. Eg gler meg derfor til ein ny spennande kvardag med nye medarbeidarar, ukjente oppgåver og utfordringar, meiner Rinde.

 

Sotrasambandet er peika ut som eit av tre OPS-prosjekt. Prosjektet er knappe 10 km langt og skal gje nytt samband for kommunane Fjell

Prosjektleiar
Arve Tjønn Rinde er prosjektleiar for Sotrasambandet frå 1. september 2019.
Aktuelt for fylke(r): Vestland