Statens vegvesen er i gang med å utarbeida grunnlag for utlysing av ny Røldalstunnel frå Seljestad til Liamyrane.

Prosjektering av fyrste byggetrinn på E134 Vågsli – Seljestad er i gong,  strekninga frå Røldal til Seljestad. På denne strekninga skal vegen i hovudsak leggjast i ny tunnel under Røldalsfjellet. Den nye vegen omfattar også ein parsell med ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad. Tunnelpåhogget på denne sida vert i fjellet ved Hesjabakkmyrane.

Statens vegvesen skal bygge ny veg på strekninga mellom Vågsli i Vinje kommune og Seljestad i  Ullensvang kommune. Første byggetrinn er Røldal - Seljestad.
Statens vegvesen skal bygge ny veg på strekninga mellom Vågsli i Vinje kommune og Seljestad i Ullensvang kommune. Første byggetrinn er Røldal - Seljestad. Foto: Statens vegvesen

Kan starte bygginga av Røldalstunnelen neste år

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Beate Riisnæs, reknar med å kunna lysa ut tilbodet rundt årsskiftet 2022/2023. Føresett at det vert løyvd midlar over Statsbudsjettet neste år kan anleggsarbeida starte opp hausten 2023.

Startar opp førebuande arbeider til hausten

Utover våren i år vert det arbeidd med grunnlag for ein mindre kontrakt på det førebuande arbeidet, seier Riisnæs.

Det førebuande arbeidet som skal gjennomførast er mindre arbeider med etablering av ny bru til nytt parkeringsanlegg sør for elva på Seljestad, og arbeid med rydding av vegetasjon og stein ved tunnelpåhugg på Seljestad og Liamyrane.

Ny veg skal opne for trafikk i 2029/2030

Byggjetrinn 1 Røldal-Seljestad skal etter planen stå ferdig i 2029/2030. 

E134 er ein viktig ferdslesåre, særleg for næringslivet sør for Hardangerfjorden, med kring 20 prosent tungtrafikk. Årsdøgntrafikken er i dag om lag 2 200 køyretøy.
Illustrasjonsfoto viser kolonnekøyring i tunnel. E134 er ein viktig ferdslesåre, særleg for næringslivet sør for Hardangerfjorden, med kring 20 prosent tungtrafikk. Årsdøgntrafikken er i dag om lag 2 200 køyretøy. Foto: Silje Drevdal

Informasjonsmøte for naboar

Prosjektet planlegg å halda digitalt informasjonsmøte i nær framtid for å informere om dei førebuande arbeida som etter planen startar i haust.

Delvis bompengefinansiering

Kostnad er estimert å vera 3,1 milliardar kroner. Den endelege kostnadsramma for prosjektet blir først vedteke av Stortinget når KS2-rapporten er ferdig behandla. Det vert lagt til grunn bompengefinansiering på 16,9 prosent av kostnaden.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland