Detaljert reguleringsplan  for utviding av eksisterande E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru er no til offentleg ettersyn med høyringsfrist 05.04 2022.

Planforslaget

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å regulere areal til utviding av om lag 3 km av eksisterande E16 mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru for å etablere forsterka vegoppmerking på strekninga. Strekninga er utsett for sørpeskred, og planforslaget inneheld også skredsikringstiltak for å hindre skredhendingar ned på europavegen. Høyringsperiode 18.02.2022–05.04.2022. 

Statens vegvesen har i samråd med Voss herad vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter §10, bokstav b) innan fagtema kulturarv grunna at Kongevegen ligg parallelt med E16 innan planområdet. Konsekvensutgreiinga er vedlagt planen.

Spørsmål eller ynskje om plan i papirform rettast til Runa Aaland Eggum, telefon 95 75 61 06 eller e-post .

Det er også utarbeida ei kartforteljing som gjev deg eit overblikk over planforslaget i 3D:

Merknader og innspel

Merknader til reguleringsplanen sendast  innan høyringsfrist 5.april 2022: 

  • som brev til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer 
  • på e-post: 

Merk brev eller e-post med: «Merknad til E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru. Utbetring for forsterka midt- og kantoppmerking 20/140172».

Open kontordag

Det vil bli gjennomført open kontordag på Voss trafikkstasjon tysdag 1.mars mellom 10:00-13:00 og 15:00-18:00 for dei som ynskjer å snakke med oss om detaljar i planen. Påmelding til open kontordag sendast til planleggingsleiar Runa Aaland Eggum, telefon 95 75 61 06 eller e-post .

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen vert utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7. 

Aktuelt for fylke(r): Vestland