Denne veka er det blitt arrangert to digitale folkemøter. Opptak av begge møta 25.08.21 og 26.08.21 finn du under.

Slik kan det se ut på Stanghelle om nokre år.
Slik kan det sjå ut på Stanghelle om nokre år. Foto: Statens vegvesen

I møta får du nærare informasjon om prosjektet, og det blir mogleg å stille spørsmål skriftleg i chat til prosjektleiar og fagpersonar. Møta  blir også annonsert som arrangement på Facebooksida  Statens vegvesen Vest. Meld gjerne di interesse her.

Folkemøte I - se opptak

Folkemøtet 25. august kl. 19.30–21.00, vil ha mest fokus på Bergen kommune.

Klikk her for å sjå opptak av møtet

Folkemøte II, 26.08.21

Folkemøtet 26. august kl. 19.30–21.00, vil ha mest fokus på Vaksdal kommune.

Klikk her for å sjå opptak av møtet

Folkemøte III

7. september kl. 19.30–21.00, Om handtering av massar og sjødeponi.

Dette møtet handlar om det arbeid og dei undersøkingar som er utført i samband med søknad om sjødeponi, som ligg til handsaming hos Statsforvaltaren i Vestland fylke.

Klikk her for å delta på møtet

Avtale om ein uformell samtale

Er du nabo, grunneigarar eller på annan måte blir påverka av prosjektet, så kan du avtale tid for å snakke med ein av våre planleggjarar.

På grunn av koronarestriksjonar vil desse møta blir per telefon eller på video (Teams).

For å avtale tid, send e-post til: 

Kartfortelling gir deg enkel oversikt

Det er laga ei kartforteljing, som med tekst, video, kart og bilete fortel om dette store prosjektet og gir deg eit overblikk.

Lenke til kartforteljing E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle

Aktuelt for fylke(r): Vestland