Meir enn 10 millionar kubikk stein skal handterast når Norges største tunnelprosjekt startar bygging i 2024.

Lukka nedføringssystem for steinmasser som skal løyse miljøutfordringane i anleggsfasen
Illustrasjon: Lukka nedføringssystem for steinmasser som skal løyse miljøutfordringane i anleggsfasen (Illustrasjon: Statens vegvesen/Bane NOR).

Planlegginga av Norges største tunnelprosjekt  pågår for fullt. Fellesprosjektet Arna-Stanghelle skal byggjast ved hjelp av tverrslag (adkomsttunnelar til sjølve hovedtunnelen) til Sørfjorden.

Statens vegvesen & Bane NOR har her søkt om sjødeponi for større deler av tunnelmassen.  Gitt at søknaden vert godkjent, treng vi anskaffe tre midlertidige, flytande kaianlegg for å handtere tunnelmassane i byggeperioden. I anskaffelsen inngår også utvikling og bruk av eit lukka nedføringssystem for steinen.  

Med bakgrunn i dette inviterer vi til markedsdialog for å få innspel på kva som vil vere beste prosess fram til første kaianlegg må vere klart i 2025:

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland

Olav Lofthus

Fagansvarleg veg
E-post: