Varsel om oppstart av endring av reguleringsplan
I samarbeid med Voss herad skal Statens vegvesen gå i gang med endring av reguleringsplan for E16 Hylland–Slæn. Me ber med dette om innspel til arbeidet.
Skildring av prosjektet
Gjennom å bygge ein ny tunnel på E16 forbi dei øvre delane av Nærøydalen og Stalheimskleiva, skal europavegen leggast vekk frå skredutsette område mellom Hylland og Glashammaren. Vidare skal Sivletunnelen og Stalheimstunnelen, som ikkje tilfredsstiller krava til tryggleik som er gitt i tunnelsikkerhetsforskrifta, verte avløyst av den nye tunnelen.
Prosjektet er omtalt i Nasjonal transportplan 2025-2036, og er sett opp med oppstart og fullfinansiering i planen sin siste seksårspeiode (2031-2036).
Fordi prosjektet strekker seg over to kommunar, er det dekka av to reguleringsplanar. Ein for den delen av prosjektet som ligg i Voss herad og ein for den delen som ligg i Aurland kommune. Begge reguleringsplanane vart vedtekne hausten 2016. Gjeldande planar finst på www.kommunekart.com.
Føremålet med planarbeidet
Føremålet med å endre den reguleringsplanen som gjeld for prosjektet i Voss herad, er å redusere kostnadar, klimagassutslepp og negative verknadar for ytre miljø, som prosjektet fører med seg. Konkret vil ein i planarbeidet arbeide med følgjande endringar:
- Flytte tunnelpåhogget mot nordaust, og etablere veg i dagen i staden for veg i tunnel i områda aust for Flatland.
- Tilpasse løysinga til tidlegare avgjersle om å ikkje ha tre køyrefelt i tunnelen og ut i dagsona på Vossasida av tunnelen. Dette var og er ei overdimensjonering i høve til vegnormalane sine krav.
- Etablere tilkomstveg i staden for gang- og sykkelveg, sør for krysset på Slæn. Denne vegen vil då sikre kopling mot Slænsvegen, i staden for den løysinga som tidlegare har vore planlagt lengre vest. Tilkomstvegen vil også dekke behovet for tilrettelegging for mjuke trafikantar.
- Enkelte mindre justeringar av tidlegare planlagt geometrisk utforming av veganlegget, og større gjenbruk av eksisterande infrastruktur, for å redusere arealbeslaget. Inkludert i dette er også å legge linja lågare i terrenget ved kryssinga av Ljoselvi og vidare austover.
- Få på plass andre løysingar for handtering av masseoverskotet, slik at regulerte deponiområde kan reduserast og/eller takast ut av planen.
I tillegg er det oppdaga enkelte mindre feil i det tekniske grunnlaget for gjeldande reguleringsplan som også vil bli retta opp i og som planen vil bli tilpassa.
Det vert gjort konsekvensutgreiing for naturmangald og vassdragsmiljø, i tråd med Miljødirektoratet sin rettleiar M1914. Øvrige aktuelle tema vil bli omtalt i planomtalen.
Planområde
Vurdering av krav om konsekvensutgreiing:
Framdrift
Det vert no varsla oppstart av arbeidet med reguleringsendring. I etterkant av dette vil me utarbeide forslag til oppdatert reguleringsplan, som me vil sende ut til offentleg ettersyn. Me ventar at dette vil skje våren 2026.
Gi dine innspel
Synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til planarbeidet kan du sende til , innan søndag 7. desember 2025. Syn til saksnr. 25/265809.
Har du spørsmål, kan du også kontakte fungerande prosjektleiar Marius Slinde på telefon 909 86 891 og e-post .
Aktuelt regelverk
Arbeidet med planendringa føl reglane i plan- og bygningslova.
Dette varselet om oppstart er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-14. Planforslaget vil bli utarbeida i samsvar med §§ 3-7, 12-3, 12-10 og 12-14.
Med helsing
Statens vegvesen