1. Utredes
  2. Alternativ velges
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging forberedes
  5. Bygges
  6. Åpnet
E16 Slæn-Haugsvik.
Foto: Statens vegvesen

Hvor?

Fylker:
Vestland

Kommuner:

Voss

Hva?

For å betre framkoma og trafikksikkerheita på strekninga vil prosjektet breiddeutvide eksisterande E16 for å etablere forsterka vegoppmerking.

Hvorfor?

Ein ynskjer å utvide eksisterande veg til 8,5 meter for å etablere forsterka vegoppmerking. Forsterka vegoppmerking har synt seg å vere eit rimeleg og effektivt tiltak for å redusere møteulykker og utforkøyringar.

Kart

E16 Slæn–Haugsvik © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Statens vegvesen skal i samarbeid med Voss herad lage detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Ein ynskjer å utvide eksisterande veg til 8,5 meter for å etablere forsterka vegoppmerking.

Tiltaket medfører naudsynt langsgåande utviding på om lag 1-2 meter på sørsida av eksisterande E16 over om lag 1,4 km. Tiltaket vil også samordnast med andre tiltak ved at ein legg opp til utbetring av kollektivhaldeplassane på strekninga samt ei vurdering av sideterreng og avkøyrslene i området. Prosjektet vil også vurdere utbetring eller utskifting av eksisterande bru og kulvert på strekninga.

Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger». Notat med KU-vurdering ligg tilgjengeleg saman på Statens vegvesen og Voss herad sine heimesider.

Planområdet ligg om lag 1 km aust for Oppheimsvatnet i Voss herad og er om lag 65 daa stort.

Frist 4. juni 2023.

Planforslag E16 Slæn – Haugsvik til høyring og offentleg ettersyn.

Statens vegvesen legg i samarbeid med Voss herad ut forslag til reguleringsplan for E16 Slæn – Haugsvik til høyring og offentleg ettersyn i høve Plan- og bygningslova §12-10.

Høyringsperioden går frå 24.01.2025 til 07.03.2025.

Reguleringsplanen vert handsama etter §3-7 i Plan- og bygningslova. Det betyr at Statens vegvesen utarbeidar og legg reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn, medan Voss herad slutthandsamar og vedtek planen.

Føremål

Prosjektet er eit trafikksikkerheitsprosjekt som har som føremål å betre trafikksikkerheita ​og framkoma på den om lag 1,4 km lange strekninga eksisterande strekninga i Voss herad mellom Slæn i aust og Haugsvik i vest. Breidda blir utvida langs eksisterande E16, det skal etablerast forsterka midtoppmerking og sideterrenget skal gjerast trygt for utforkøyringar. Prosjektet har også sett på avkøyringstilhøve og utbetra kollektivpunkta på strekninga.

Kartforteljing

Det er utarbeida ei kartforteljing i Arcgis. Kartforteljinga gjev deg eit overblikk over planforslaget der kartet i 3D er i fokus, saman med korte tekstar, bilder og figurar. Bruk mus eller piltastar og skroll nedover i forteljinga for informasjon. I kartscenene kan du zoome og sjå detaljar. Kartforteljinga finn du ved å følgje denne lenka;  E16 Slæn - Haugsvik (arcgis.com)

Høringsdokumenter

Lengde:
1400 meter
Finansiering:
Stat
Oppstart:
2028

Mer om prosjektet

Eksisterande vegbreidde varierer innanfor planområdet, og er om lag mellom 6,5–7,5 meter brei. Forsterka vegoppmerking har vist seg å vera eit effektivt og rimeleg tiltak mot møte- og utforkøyringsulykker.

Tiltaket medfører naudsynt langsgåande utviding på om lag 1–2 meter på sørsida av eksisterande E16 over om lag 1,4 km. Tiltaket vil også samordnast med andre tiltak ved at ein legg opp til utbetring av kollektivhaldeplassane på strekninga samt ei vurdering av sideterreng og avkøyrslene i området. Prosjektet vil også vurdere utbetring eller utskifting av eksisterande bru og kulvert på strekninga.

Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger».

Kontakter

Runa Aaland Eggum

Planleggingsleiar
Telefon:
95 75 61 06
E-post: