Reguleringsplan for ny busslomme ved Tyinkrysset har vore ute på høyring, og ei revidert utgåve av planen er no sendt over til Vang kommune for politisk handsaming.

Forslaget til reguleringsplan for ny busshaldeplass ved Tyinkrysset låg ute til offentleg høyring frå 13.februar til 27.mars 2013.

Fire merknader

Det kom inn fire innspel til planen, og det er på bakgrunn av desse gjort nokre justeringar i planen i høve utkastet som var på høyring.

Alle merknader til planen vart vurderte av Statens vegvesen, og desse vurderingane er samla i dokumentet "Saksutgreiing Busshaldeplass ved Tyinkrysset". Her finn du også ei oppsummering av heile saksgangen og dialogar som har vore undervegs. 

Her er det også referert til merknader som har kome inn i samband med varsla planoppstart. Statens vegvesen sine uttaler til desse går også fram.

Innspela og merknadane som har kome inn undervegs er lagt til grunn for utarbeiding av reguleringsplanen, og ved den foreslåtte justeringa etter høyring.

Du kan laste ned saksutgreiing og revidert reguleringsplan i menyen til høgre.

Aktuelt for fylke(r): Innlandet, Vestland