Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Saman med Ålesund kommune skal Statens vegvesen no lage reguleringsplan for ny E39/E136 frå Digernesskiftet fram til kommunegrensa til Vestnes kommune.

Strekninga inngår som ei delstrekning i planlegginga av ny E39 mellom Ålesund og Molde. Målet er å skape ein felles bu- og arbeidsmarknad og redusere reisetida mellom dei to byane til under ein time.

To veker etter at Stortinget vedtok E39 Ålesund–Molde som eit av prosjekta i NTP, inviterer Statens vegvesen og Ålesund kommune til digitalt folkemøte om planane for ny E136/39 frå Digernesskiftet til grensa mot Vestnes kommune.

Frå før av har prosjektet godkjende reguleringsplanar for Romsdalsfjordtunnelen, Julsundbrua og kommunedelplan for vegen inn mot Molde.

-Det er viktig for oss at dei som bur langs vegen og andre med god kunnskap om nabolaget til europavegen kjem med innspel. Slik kan vi lage ein best mogleg plan saman med Ålesund kommune, seier prosjektleiar Harald Inge Johnsen.

Informasjonsmøte

28.06.2021 vil Statens vegvesen halde eit digitalt informasjonsmøte om planarbeidet på Teams. Møtet vil bli gjennomført i tida kl. 17 – 19. Etter påmelding vil det bli sendt link til møtet.

Påmelding skjer til:

Margot Bolstad Lynum, tlf. 90 51 17 18 epost: Påmelding innan måndag 28.06 kl. 13.00. 

Innspel

Det bes om relevante innspel til planarbeidet i denne innleiande fasen, og fristen er 15.08.2021. Innspela skal sendast til:

  • eller Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Dei kan også sendast på epost til kontaktpersonane:

  • Planprosessen: Tone Hammer, tlf. 94 14 46 83, epost:
  • Prosjektet: Harald Johnsen, tlf. 91 51 28 85, epost:

Merk sendinga med «E39/E136 Digernesskiftet–Ørskogfjellet»

Om planarbeidet

Reguleringsplana vil bli utarbeidd som ein detaljert plan, jf. pbl. § 12-3 og skjer i samarbeid med Ålesund kommune. Planområdet skal konsekvensutgreiast på kommuneplannivå med grunnlag i kjent kunnskap (silingsrapport). Eit planprogram med silingsrapporten skal leie fram til val av veglinje, og som i neste omgang vil bli konsekvensutgreidd på detaljert nivå.

Sjå også Ålesund kommune sine nettsider

Fakta om strekninga

E136/39 Digernesskiftet-Vestnes grense er ein del av E39 Ålesund–Molde. Avløyser ei strekning som i dag er ca. 24 km lang, med nærføring til tettstader.

Ny veg regulerast for 4 felt 110 km/t, men blir lagt opp til trinnvis utbygging med to og tre felt med midtrekkverk og forbikøyringsfelt som utbyggingsetappe 1. Fartsgrensa blir 90 km/t etter første byggetrinn. Mogleg byggestart 2026.

Kontaktpersonar i Statens vegvesen

  • Planleggingsleder Tone Hammer, tlf. 94 14 46 83, e-post:
  • Prosjektleiar Harald Johnsen, tlf. 91 51 28 85, e-post:
Ny E136/39 frå Digernesskiftet til grensa mot Vestnes kommune.
Planområde ny E136/39 frå Digernesskiftet til grensa mot Vestnes kommune. Foto: Statens vegvesen

 

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal