Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Det er god fart i arbeidet med den viktige strekninga mellom Rogfast og Haugalandet. Planprogrammet skal på høyring våren 2022.

Illustrasjon fra Bokn kommune i syd og nordover via Tysvær og Sveio kommune
Illustrasjon fra Bokn kommune i syd og nordover via Tysvær og Sveio kommune Foto: Rambøll

Dei fyste samarbeidsmøta med kommunane Bokn, Tysvær og Sveio fredag  04. februar, markerte oppstarten av arbeidet med kommunedelplan for den 57 km lange strekninga Bokn-Hope.

Strekninga er sentral for å binde saman Rogfast med Haugalandet og Sunnhordland.

Planleggingsleiar Henry Damman (Foto: Sunniva L. Seterås, Statens vegvesen)
Planleggingsleiar Henry Damman (Foto: Sunniva L. Seterås, Statens vegvesen).

– Arbeidet med kommunedelplanen og konsekvensutgreiing skjer i samarbeid med vår rådgjevar Rambøll, og dette samarbeidet blei starta før jul. No er det god fart i prosjektet og møta med kommunane er viktig for å etablere kontaktpunkt og halde dei godt informert heilt frå starten av, seier Henry Damman som er planleggingsleiar for prosjektet.

I løpet av dei neste månadane vil det no kunne observerast folk i felt frå både Statens vegvesen, Rambøll og  andre underleverandørar.

Planprogram, deretter kommunedelplan

Hovudfokuset no er å få lagt planprogrammet ut på høyring. Dette er ein plan over kva som skal utgreiast kommunedelplanen for strekninga Bokn til Hope i Sveio. Planprogrammet skal på høyring i løpet av våren 2022. Deretter vil fokus vere på arbeidet med sjølve kommunedelplanen med konsekvensutgreiing.

Prosjektet ynskjer god informasjon og medverknad undervegs

I samband med høyringa av planprogrammet vil Vegvesenet arrangere folkemøte. Dette vil bli annonsert.

– Vi held også på med å utvikle ein eiga informasjonsportal som vil oppdaterast hyppig.  Dette vil og bli ein god elektronisk medverknadsportal. Det skal vere lett å følgja med i prosjektet, understrekar Damman.

Vegvesenet tar sikte på at kommunedelplanen er klar for offentleg ettersyn i 2023.

Dersom nokon har spørsmål til prosjektet, så kan de ta kontakt via e-post:

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland