Statens vegvesen varslar at kommunedelplan for E39 Bokn–Bømlafjorden blir lagt ut til offentleg høyring og ettersyn 9. februar 2026.

Bakgrunn for høyringa

I kommunedelplanen er det to forslag til vegkorridorar på strekninga. Planarbeidet omfattar kommunane Bokn, Tysvær og Sveio.

Varslinga er i samsvar med plan- og bygningslova §11-14 og §3.7. Føremålet med planarbeidet er å fastsetje trasé for ny E39 frå Vestre Bokn i Bokn kommune i Rogaland, gjennom Tysvær kommune og til Bømlafjorden i Sveio kommune i Vestland. Konsekvensutgreiinga gjer greie for kva følgjer utbygginga vil få for miljø og samfunn.

Statens vegvesen har gjennomført eit omfattande planarbeid, som har resultert i to alternative vegkorridorar på strekninga frå Laupland i Bokn kommune til Bømlafjordtunnelen i Sveio kommune. Statens vegvesen si tilråding er alternativ 1.

Høyringsperiode og moglegheit for innspel

Høyringsperioden er frå 9. februar 2026 til 23. mars 2026. 

Etter at høyringsuttalane er handsama, blir kommunedelplanen sendt vidare til kommunane for politisk behandling.

Folkemøter i samband med høyringa

I samband med høyringa blir det halde folkemøte i dei tre kommunane:

  • Tysvær kommune: Måndag 16. februar kl. 18:00-21:00 i Tysværtunet
  • Sveio kommune: Onsdag 18. februar kl. 18:00-21:00 i Førde samfunnshus
  • Bokn kommune: Torsdag 19. februar kl. 18:00-21:00 i Bokn arena

Opne kontordagar

I samband med høyringa inviterer Statens vegvesen til opne kontordagar. Her kan du få ein-til-ein samtale med Statens vegvesen.

  • Tysvær kommune: Tysdag 3. mars kl. 12:00-19:00 i Tysværtunet, Nygaardssalen
  • Sveio kommune: Onsdag 4. mars kl. 12:00-19:00 i Førde samfunnshus, kjelleren
  • Bokn kommune: Torsdag 5. mars kl.12:00-19:00 i Bokn arena, Boknahåve

Slik sender du høyringsuttale

Høyringsuttalar og innspel til planarbeidet må sendast innan 23. mars 2026 via den digitale merknadsportalen:

Alternativt kan du senda innspel via:

  • E-post:
  • Brev: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk sendinga med:E39 Bokn–Bømlafjorden, merknad kommunedelplan, MIMEnr. 26/16457

Gjerne ta kontakt

Har du spørsmål eller andre førespurnader, ta kontakt med planleggingsleiar Henry Asle Damman

Telefon: 41 52 65 89
E- post: