Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Eit sørvendt kryss ved brufoten på Svarstad og eit fullt kryss i Markane skal sikre god påkopling til nye E39 for riksveg 15 til og frå Stryn.

- Me har sett nærmare på kryssløysingane til planlagt ny E39-trase med bru over Nordfjorden. Ved brufoten på Svarstad har me planlagt eit sørvendt kryss, som gir tilkopling til E39 sørover mot Byrkjelo. Skal ein nordover frå Stryn, køyrer ein opp til Markane og kjem inn på europavegen der, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

Forslaget til kryssløysing vart presentert for Stryn kommunestyre tysdag 18. september. Tilkoplinga på Svarstad blir løyst med viadukter i betong som koplar vegen på brua saman med veg på land. Frå Svarstad vil estimert køyretid på ny E39 til Innvik då vere på 4 til 5 minutt, og til Bykjelo rundt 15 minutt.

Det er planlagt eit kryss i Markane med god tilknyting til riksveg 15. Har kan ein ta av frå E39 både om ein skal vestover (Måløy) eller austover (Strynefjellet).

Lokalt kan eit kryss på Svarstad binde Stryn kommune tettare saman og gi kortare reisetid for all trafikk til/frå Stryn og områda frå Innvik og sørover. Heile aksen frå Stryn til Innvik/Byrkjelo/Sandane/Skei blir tettare og det gir regionale effektar også. Sidan reisetida mellom til dømes Sandane, Skei, Byrkjelo, Utvik, Innvik og Stryn blir kortare med eit kryss på Svarstad kan det bli meir aktuelt med arbeidsreiser på denne strekninga.

Samla sett er det Statens vegvesen sin konklusjon at fordelane med eit kryss på E39 ved Svarstad er mykje større enn ulempene, og at dette difor må vere med i planane for framtidig E39 mellom Byrkjelo og Grodås.

Skulle ein ha bygd fullt kryss ved Svarstad, måtte ein hatt halve eller heile krysset inne i tunnelen. Vegnormalane tillet ikkje kryss i tunnel, og difor går ikkje Statens vegvesen vidare med ei slik løysing.

Illustrasjon av sørvendt kryss ved brufot på Svarstad.Foto.
Illustrasjon av sørvendt kryss ved brufot på Svarstad. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal, Vestland