I september startar kartlegging av natur og miljø i samband med planlegginga av ny E39 mellom Arna og Fjøsanger. 

Statens vegvesen har starta dei første førebuingane til planlegging av kommunedelplan for Ringveg aust mellom Fjøsanger og Arna. Både sjølve planarbeidet og vegprosjektet er i ei svært tidleg fase.
– Føremålet med ein kommunedelplan er å avklare kvar vegen skal gå i framtida. Litt forenkla skal Vegvesenet undersøkje og finne fordelar og ulemper ved ulike alternative traséar, før politikarane vedtek endeleg trasé. Traséen som blir vedteken, skal om nokre år gjennom ein reguleringsplan der alle detaljar, kryssløysingar og liknande blir fastsette, forklarer planleggingsleiar Magna Fondenes Vangsnes.

Kva er det som skjer no i september?

– Vi set i gang med kartlegging av naturmangfald i eit ganske stort område, fortel Vangsnes.
– Det betyr at fagfolk skal ut i felt for å registrere naturtypar, artar og miljøverdiar, slik at vi får eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for vidare planlegging.

 Kva slags område skal de undersøke?

– Vi undersøker eit relativt stort område der det kan vere aktuelt med vegløysingar, kryss og tilkoplingar, men også område som kan vere aktuelle til masselagring og liknande, seier ho.

 Betyr det at vegen skal gå der det blir kartlagt?

– Nei, og det er viktig å få fram, understrekar Vangsnes.
– At eit område blir undersøkt, betyr ikkje at det er avgjort at det kjem veg der. Det er fleire alternativ som skal vurderast i ein kommunedelplan, og kartlegginga blir gjort i eit breiare område enn det som til slutt kan bli aktuelt som vegkorridor.

Kva skjer konkret ute i terrenget?

– Det vil i hovudsak vere enkeltpersonar eller små grupper som ferdast i området og gjer registreringar. Dette er kartlegging, ikkje bygging, så det blir normalt ikkje gjort inngrep i terreng eller areal i denne fasen, forklarer ho.

Kva ønskjer de frå dei som bur i området?

– Vi håpar på godt samarbeid og at dei som skal kartlegge vert godt mottekne. Vidare tek vi gjerne imot lokalkunnskap undervegs, -det kan vere veldig nyttig for oss i planarbeidet, oppmodar Vangsnes.

Korleis heng dette saman med planarbeidet?

– Dette er ein tidleg fase. Det er ikkje meldt formell planoppstart enno, seier Vangsnes. – Kartlegginga er ein del av kunnskapsgrunnlaget vi treng i planlegginga, ved vurdering av verknader, og etter kvart for å avklare aktuelle alternativ.

Meir informasjon til hausten og vinteren 
Statens vegvesen jobbar no med å sluttføre reguleringsplanen for eit anna viktig vegprosjekt i Bergen, første byggjetrinn av Ringveg aust, mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua i Åsane.

– Vi går no gradvis over til å arbeide med strekninga mellom Fjøsanger og Arna, no som reguleringsplanen for E39 Vågsbotn–Klauvaneset snart er klar til å bli lagd ut på høyring, fortel planleggingsleiaren. Statens vegvesen vil varsle planoppstart, og dele informasjon og be om innspel gjennom fleire kanalar i planleggingsperioden.
- Vi kjem tilbake med meir informasjon seinare gjennom hausten og vinteren, fortel Magna Fondenes Vangsnes.