Alver kommune la 8. april 2024 ut kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen for høyring og offentleg ettersyn. Frist for å kome med innspel er 3. juni.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 gjorde utval for areal, plan og miljø i Alver kommune 20.03.2024 (sak 37/24), vedtak på vilkår om å leggja kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen med planID1263-201611 ut til høyring og offentleg ettersyn. Innspel skal sendes Alver kommune, ikkje Statens vegvesen. Merk innspel med saksnummer (2024/27).  

Planforslaget sitt hovudmål er tilrettelegging av ny trase på strekninga Flatøy-Eikefettunnelen med eit økt trafikksikkert og meir effektivt nord-sør-samband på Vestlandet innanfor dei rammar som er gitt i Nasjonal transportplan. Løysinga skal legge til rette for vidare utvikling av Knarvik som regionsenter, og skal fokusere på løysingar som styrker dagens tilbod.  

Kommunedelplanen for E39 Flatøy – Eikefettunnelen skal bidra til å avklare løysing for det overordna vegsystemet gjennom regionsenteret Knarvik og gi føreseielege rammer for vidare utvikling. I tillegg skal planen bidra til å løyse dagens problematikk for mjuke trafikantar mellom Knarvik og Hjelmås.

Statens vegvesen si anbefaling

Statens vegvesen tilrår kombinasjonen F3-V3-M2-A2 for vidare regulering.

  • Statens vegvesen tilrår alternativ V3 på delstrekning Vest . V3, V4 og V100 ligg nærme kvarandre når det gjeld prissette og ikkje-prissette konsekvensar. V4 og V100 har derimot fråvik frå vegnormalane som ikkje er godkjende.
  • På strekning Midt tilrår Statens vegvesen M2, då dette alternativet samla sett kjem best ut i den samfunnsøkonomiske analysen.
  • På delstrekning Aust kjem A2 best ut i konsekvensanalysen samla sett. Alternativet lar seg også etablere i to etappar, i motsetning til A3 som må byggjast i ein samanhengande etappe. I tillegg er kryss ved Ostereidet gunstig med tanke på ambisjonar for utvikling i dette området.
  • Kombinasjonen F3-V3-M2-A2 vert tilrådd for vidare planlegging.

Du finn planforslaget og alle dokument i saka på Alver kommune si heimeside. 

 

Aktuelt for fylke(r): Alver