13. oktober 2022 blei kommunedelplan med konsekvensutgreiing oversendt Alver kommune.

Kartskisse som viser kommundelplan for E39 Flatøy–Eikefet
Kommundelplan for E39 Flatøy–Eikefet er oversendt Alver kommune. Illustrasjon: Statens vegvesen

Planforslaget er utarbeidd med utgangspunkt i planprogram fastsett i Lindås kommune 19.09.2017 og i Meland kommune 27.09.2017. 

Alver kommune har vært representert i prosjektgruppen for arbeidet.

E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen inngår i satsinga på utbetra og ferjefri E39, og er ein del av nasjonal transportkorridor 4 Stavanger–Bergen–Ålesund–Trondheim.

Informasjon og medverknad

Alver kommune ved utval for areal, plan og miljø skal fatte vedtak om å legge planforslaget ut på høyring og offentleg ettersyn. Tidspunktet for politisk handsaming er per no ikkje fastsett.

I høyringsperioden vil Statens vegvesen i samarbeid med Alver kommune arrangere opne folkemøte. Møta vil bli annonsert i lokale media, Alver kommune og vegvesenet sine nettstad samt Facebook.

Alternativ som vert tilrådd

Statens vegvesen tilrår kombinasjonen F3-V3-M2-A2 for vidare regulering.

  • Statens vegvesen tilrår alternativ V3 på delstrekning Vest . V3, V4 og V100 ligg nærme kvarandre når det gjeld prissette og ikkje-prissette konsekvensar. V4 og V100 har derimot fråvik frå vegnormalane som ikkje er godkjende.
  • På strekning Midt tilrår Statens vegvesen M2, då dette alternativet samla sett kjem best ut i den samfunnsøkonomiske analysen.
  • På delstrekning Aust kjem A2 best ut i konsekvensanalysen samla sett. Alternativet lar seg også etablere i to etappar, i motsetning til A3 som må byggjast i ein samanhengande etappe. I tillegg er kryss ved Ostereidet gunstig med tanke på ambisjonar for utvikling i dette området.
  • Kombinasjonen F3-V3-M2-A2 vert tilrådd for vidare planlegging.

Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Flatøy-Eikefettunnelen er sendt i samsvar med Plan- og bygningslova § 4-2.

Kontaktperson i Alver kommune:

Marte Hagen Eriksrud, rådgjevar plan og analyse
E-post:

Prosjektleder Statens vegvesen

Gunn Cecilie Omre, prosjekleiar Statens vegvesen
E-post:

Aktuelt for fylke(r): Vestland