Statens vegvesen har innstilt Risa AS som totalentreprenør til prosjektet E39 Gismarvik-Aksdal.

–  Saman med Risa skal me bygga 4,2 km gang- og sykkelveg mellom Hetland og Apeland i Tysvær kommune. Dette vil gi eit mykje betre tilbod for syklande og gåande mellom Gismarvik og Aksdal, seier prosjektleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.

E39 Rogaland. Med gang- og sykkelveg fra Hetland i sør til Apeland i nord, blir det eit samanhengande tilbod for mjuke trafikantar frå Gismarvik i sør til kommunesenteret Aksdal i nord. Kart: Statens vegvesen
Med gang- og sykkelveg fra Hetland i sør til Apeland i nord, blir det eit samanhengande tilbod for mjuke trafikantar frå Gismarvik i sør til kommunesenteret Aksdal i nord. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen

– Dette skal vi gjera

– Samtidig med bygginga av gang- og sykkelvegen skal det gjerast trafikksikkerheitstiltak på E39. Vegen vert breddeutvida for å gi betre plass til forsterka midt- og kantoppmerking.

To kurver skal rettast ut, og sideterrenget skal ryddast og sikrast.

– Slik er framdriftsplanen

Om alt går etter planen blir det signering av kontrakt i løpet av februar.

Etter det følger ein periode der Risa AS skal detaljprosjektera, før det vert byggestart i sommar.

Bygginga vil pågå i cirka 2 år og skal vera ferdig våren 2028.

Slik blir trafikken råka i anleggsperioden

Dei køyrande vert påverka i varierande grad gjennom anleggstida.

Vegen vil bli stengt i kortare periodar i forbindelse med sprengingsarbeid. Det vil også bli nytta trafikklys på deler av strekninga.

Manuell dirigering og nedsett fartsgrense er også aktuelle tiltak i byggeperioden.

Dei som har moglegheit, kan gjerne nytta alternative vegar, som for eksempel T-forbindelsen (der ein sør for Gismarvik tar vestover gjennom undersjøisk tunnel mot Karmøy og køyrer opp mot Haugesund den vegen, for så å ta E134 austover mot Aksdal).

Prosjektet er finansiert gjennom Haugalandspakka og med statlege midlar. Styringsramma for prosjektet er omlag 200 millionar.