Kjartan Hove
- E-post:
Kommuner:
Gloppen, Sunnfjord
Prosjektet inneber å sikre E39 gjennom Våtedalen for skred. Utfordringane i Våtedalen er snø- og sørpeskred med stort trykk.
Strekninga er ein del av houvedvegen E39 langs kysten, og hovudveg mellom Nordfjord og Sunnfjord/Sogn. Dersom vegen må stengast er omkjøyringsvegen svært lang. Tungtransport må til dømes kjøyre via Strynefjellet, ein omveg på fleire tial mil.
E39 Klakegg-Byrkjelo er omtalt i Nasjonal transportplan for 2025-20236.
Det pågår for tida ikkje planlegging av prosjektet. I åra fram til bygging vil Statens vegvesen avklare meir detaljert kva tiltak som trengst, og lage reguleringsplan for å kunne realisere tiltaka.
Det er ikkje avklara kor tid prosjektet skal starta opp.
I gjeldande Nasjonal transportplan vert det lagt opp til å skredsikre vegen i Våtedalen i løpet av perioden 2031 - 2036.
I åra fram til bygging vil Statens vegvesen avklare meir detaljert kva tiltak som trengst, og lage reguleringsplan for å kunne utbetre strekninga.