Som ledd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt arbeid med å konkludere i planlegginga av ny E39 mellom Heiane og Ådland/Nordre Tveita, vart det 25. oktober arrangert møte og synfaring på Stord.

Både Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Samferdsledepartementet, Klima- og miljødepartementet, Vegdirektoratet og Miljødirektoratet, i tillegg til Statens vegvesen, Fylkesmannen i Hordaland og Stord kommune var representert då motsegnene til kommunedelplan for E39 Heiane–Ådland/Nordre Tveita vart drøfta sist måndag.

Vegvesenet orienterte om planane og våre motsegner til desse, Stord kommune gjorde greie for sine ynskjer, og Fylkesmannen i Hordaland gjekk gjennom sine motsegner og si tilråding i saka. Etter innlegga gjekk møtedeltakarane ut i terrenget der dei fekk sett aktuelle område både i Landåsen og ved Tveitastølen, på Heiane og ved Ådlandsvatnet.

- I etterkant av møtet vil dei aktuelle direktorat og departement gjere si vurdering av saka, før statsråden sjølv skal konkludere, opplyste sakshandsamar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Frode Davidsen. Vidare opplyste Davidsen at ein må rekne med minimum fire månadar frå synfaringa til endeleg avgjersle vert fatta.

Aktuelt for fylke(r): Vestland