Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

I kommunestyremøte torsdag 28. april slutthandsama Stord kommunestyre kommunedelplan for E39 mellom Heiane og Ådland/Nordre Tveita. Fleirtalet i kommunestyret heldt fast på innstillinga frå formannskapet og vedtok alternativ 5.

No skal saka endeleg avgjerast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, sidan Statens vegvesen har retta motsegn mot alternativ 5.
 
Alternativ 5, som kommunestyret enda opp med å vedta, har ei løysing som i stor grad er lik som alternativ 4. Det er likevel ein stor skilnad mellom alternativa, sidan alternativ 5 har tunnel under friluftsområdet Landåsen, medan alternativ 4 har ei daglinje her. Konsekvensane for ytre miljø er naturlegvis nokså forskjellige med alternativ 4 og 5 i dette området, men også kostnadsmessig er alternativa ulike. Statens vegvesen har ikkje kunna sjå at dei miljømessige fordelane veg opp for dei auka kostnadane, og på bakgrunn av dette har me retta motsegn mot alternativ 5.

Alt  5 Oversikt Heiane - Lønningsåsen

 

Den vidare prosessen no inneber at saka vert sendt til Fylkesmannen i Hordaland for vidare handsaming. På dialogmøte tidlegare i vår har Fylkesmannen i Hordaland, Stord kommune og Statens vegvesen avklart at det ikkje er naudsynt å bruke tid på mekling i denne saken, sidan det ikkje er mogeleg å «møtast på midten», men det må veljast om ein skal ha tunnel eller ikkje. Difor vil saken verte sendt vidare frå Fylkesmannen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg vedtak.
 
Det skal elles også nemnast at Fylkesmannen i Hordaland retta motsegn mot planen i sin heilskap då denne var ute på høyring i vinter. Dette med bakgrunn i at det var manglande utgreiing av fleire punkt. Statens vegvesen har gjort fleire endringar i planmaterialet for å kunne løyse denne motsegna. – Per dags dato har ikkje Fylkesmannen klart å konkludere om det arbeidet som vegvesenet har gjort er tilfredsstillande, men me har ein god dialog og eit godt von om at Fylkesmannen skal sjå at dei endringane som me har gjort i planen vil sikre dei omsyna som Fylkesmannen er særleg opptekne av, seier Marius Slinde i Statens vegvesen.

Aktuelt for fylke(r): Vestland