Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Vegdirektøren signerte første tunnelkontrakt for Rogfast

NCC Norge skal bygge den første tunnelen i Rogfast-prosjektet. Entreprenøren vann kontrakten i skarp konkurranse med fem andre tilbydarar.

Kontrakten har ein verdi på vel 183 millionar kroner. Vegdirektøren er ikkje i tvil om at den første tunnelkontrakt i verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel er ein milestolpe.

- Dette markerer at vi er i gang med verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel. Når Rogfast er på plass blir reisetida mellom Stavanger og Bergen redusert med om lag 40 minutt. Nå er vi i gang med bygging i det første prosjektet som skal gi ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Det er stort! seier Moe Gustavsen.

Tverrslagstunnel

Tunnelen som skal byggast er rett nok ikkje ein del av hovudløpa i Rogfast, men ein to kilometer lang såkalla tverrslagstunnel. Den skal nyttast til transport av massar mellom hovudløpa i Rogfast - og Arsvågen.

- Når Rogfast er open, blir tverrslagstunnelen nytta som ventilasjonssjakt, fortel prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal.

I anleggsperioden skal massane frå tunnelen transporterast på veg nordover til området ved Knarholmen der dei blir mellomlagra til seinare bruk på anlegget.

Liten, men likevel stort

Kontrakten er ein éitt år lang totalentreprisekontrakt. Det betyr at entreprenøren har ansvaret for prosjektering. Kontrakten er likevel ikkje stor med tanke på kva som skal byggast dei neste åtte åra.

- Sjølv om kontrakten berre er på vel ein prosent av totalkostnaden av heile Rogfast, er det stor å få vere med nå i starten, seier ansvarleg leiar for tunnel i NCC Norge, Aage Lien. Både han og prosjektleiar Espedal ser fram til å kome i gang.

- Vi gleder oss! Går alt etter planen kan den første salva gå av rett over nyttår, seier Espedal.

Følg gjerne Rogfast på Facebook.

- Nå er vi i gang! sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen då han i dag signerte første tunnelkontrakt for Rogfast med NCC Norge. Distriktsleiar i NCC, Aage Lien i midten, og prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal til høgre. Foto: Undi Torstensen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland