Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har invitert tre entreprenørar til å delta i konkurransen om den største Rogfast-kontrakten.

Desse tre skal nå gi tilbod.

  • Implenia/Stangeland AS
  • Marti tunnel AG
  • Skanska Norge AS

- Vi er fornøgde med at vi har tre godt kvalifiserte entreprenørar med i den vidare prosessen. No ser vi fram til neste fase, som er at entreprenørane skal kalkulere og levere pristilbod med frist 25. mars. Deretter startar forhandlingar for å avklare korleis entreprenøren har tenkt å gjennomføre oppdraget og til kva pris. For å bli einige om den vidare framdrifta planlegg vi møter med kvar enkelt entreprenør så raskt som mogeleg, seier prosjektleiar for Rogfast i Statens vegvesen, Tor Geir Espedal.

Salini Impregilo og PNC Noreg AS er ikkje inviterte med i den vidare konkurransen.

Kontrakten er estimert til 3–3,5 milliardar kroner. I kontrakten skal det byggjast 20 kilometer tunnel og to ventilasjonssjakter på ti meter i diameter som skal 250 meter ned frå Kvitsøy til hovudløpa. I tillegg skal entreprenøren som får kontrakten bygge fire kilometer veg i dagen og fem bruer på Kvitsøy.

 

 

Aktuelt for fylke(r): Rogaland