Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Fredag 1. desember skriv Statens vegvesen kontrakt med NCC om å bygge den første tunnelen i Rogfast.

NCC vann kontrakten i skarp konkurranse med fem andre tilbydarar.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen skriv under kontrakten, som har ein verdi på vel 183 millionar kroner. Han meiner første tunnelkontrakt i verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel absolutt er ein milestolpe.

- Når Rogfast er på plass blir reisetida mellom Stavanger og Bergen redusert med om lag 40 minutt. Nå er vi i gang med bygging i det første prosjektet som skal gi ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Det er stort! seier Moe Gustavsen.

Tverrslagstunnel

Tunnelen som skal byggast er ein to kilometer lang såkalla tverrslagstunnel. Den skal nyttast til transport av massar mellom hovudløpa i Rogfast - og Arsvågen.

- Når Rogfast er open, blir tverrslagstunnelen nytta som ventilasjonssjakt, fortel prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal.

I anleggsperioden skal massane frå tunnelen transporterast på veg nordover til området ved Knarholmen der dei blir mellomlagra til seinare bruk på anlegget.

Byggetid på eitt år

Kontrakten er ein éitt år lang totalentreprisekontrakt. Det betyr at entreprenøren har ansvaret for prosjektering.

- Vi gleder oss til å komme i gang. Går alt etter planen kan den første salva gå av rett over nyttår, seier Espedal.

Kontraktunderskrivinga skjer hos Statens vegvesen i Bergelandsgården, fredag 1. desember klokka 12:00.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland