Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

– Vegvesenet ynskjer kunnskap frå marknaden når vi skal i gang med strategiar for kontrakt og anskaffingar, seier prosjektleiar Sverre Ottesen.

Om lag 60 ulike firma var representert da Statens vegvesen inviterte til bransjedag
Om lag 60 ulike firma var representert da Statens vegvesen inviterte til bransjedag med dialog rundt entrepriseform for E39 Stord-Os (Illustrasjon: AMC Dissing & Weitling).

Om lag 60 ulike firma var representert da Statens vegvesen inviterte til bransjedag med dialog rundt entrepriseform.

– Hensikta med dette møtet var å gi bransjen eit godt innblikk i kva som er status i prosjektet akkurat no. Dette blir Noregs største samferdsleprosjekt og tidleg involvering er verdifullt, fortel prosjektleiar Sverre Ottesen.

Han var tilfreds med at heile spekteret frå bransjen var representert på møtet med deltakara frå tradisjonelle entreprenørar, rådgjevarar og verftsindustrien.

Ynskjer dialog om ulike kontraktsformer

– Vi la spesielt vekt på at vi er interesserte i tilbakemeldingar frå bransjen når det gjeld størrelse på kontraktane, val av entrepriseformer og prosedyrar for anskaffingar med meir. Vi treng denne informasjonen frå marknaden når vi no skal arbeide videre med strategiane for kontrakt- og anskaffingar i prosjektet.

Vegvesenet og prosjektorganisasjonen håper at mange av disse firmaa  ynskjer å bidra inn i dette arbeidet og inviterer til  1-1-møter med prosjektorganisasjonen.

Aktuelt for fylke(r): Vestland