Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

I Plan-, bygg- og miljøutvalet sitt møte 20. oktober kom det mange gode innspel og konstruktive forslag til reguleringsplanarbeidet.

Planprogrammet for reguleringsplanarbeidet på E39 Stord – Os ligg ute på høyring til 30. oktober. Ellen Slinde og Helen Gjærde frå prosjektet møtte i Plan-, bygg- og miljøutvalet, og informerte om status i prosjektet og om høyringa. Bjørnafjorden kommune skal kome med sin uttale innan kort tid. 

– God dialog med alle involverte kommunar er viktig for Vegvesenet. Vi takkar for mange gode og viktige innspel frå politikarane i Bjørnafjorden, seier Helen Gjærde som er planleggingsleiar og kontaktperson i prosjektet for Bjørnafjorden kommune. 

Diskusjon rundt samfunnsnyttig bruk av massar 

Møtet i utvalet hadde godt engasjement, og det kom fram fleire konstruktive forslag som prosjektet tar med seg inn i arbeidet med reguleringsplanen. 

– Særleg fekk vi nyttige innspel rundt massehandtering og samfunnsnyttig bruk av massar, fortel Gjærde. 

God dialog rundt Kolskogen og innspel om gang- og sykkelløysingar 

Kryssområdet i Kolskogen har dei siste vekene fått mykje merksemd og vart eit viktig tema. 

–  Det vart god dialog rundt det planlagde krysset i Kolskogen. Det kom ønskjer om å sikre at nye E39 ikkje tar opp større areal enn nødvendig. I tillegg var det eit ønskje om å leggje til rette for gode kollektivløysingar samt gang- og sykkelveg i Kolskogen, fortel Gjærde.  

No er prosjektleiinga på Tysnes og gjennomfører møte med grunneigarar i det aktuelle område. 

Aktuelt for fylke(r): Vestland