Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Arkeologiske registreringar i planområdet startar no i vår.

Middelaldergård på Stord (Foto: Atle Jenssen, Statens vegvesen)
Middelaldergård på Stord (Foto: Atle Jenssen, Statens vegvesen)

I perioden 21. mars til 31. oktober vil det bli gjennomført arkeologiske registreringar i planområdet til E39 Stord-Os (Hordfast)

– Grunneigarane vil få eit eige brev om dette arbeidet der det blir bedt om eit samtykke til å gjennomføre arbeidet på eigedomen, seier planleggingsleiar Ellen Slinde

Det er Vestland fylkeskommune som vil utføre det arkeologiske arbeidet, medan Statens vegvesen er tiltakshavar.

– Formålet er å undersøke om planlagde tiltak kan råke ukjende automatisk freda kulturminne som til dømes førhistoriske busetnadsspor, seier Slinde.

Det er naudsynt for Statens vegvesen å gjennomføre registreringar for å oppfylle undersøkingsplikta  etter §9 i kulturminnelova.

Forventar funn i området frå stein- og jernalder


Fagansvarleg arkeologi i Statens vegvesen Atle Jenssen er spent og ser fram til at arbeidet skal starte opp.

– Ein kjenner til førhistorisk kulturminne i heile planområdet, men det er gjennomført få arkeologiske undersøkingar på Tysnes, noko som gjer det særskilt spanande å sjå kva som vil dukke opp, fortel Jenssen.

Ein kan truleg forvente funn frå heile forhistoria, frå steinalder fram til jernalder, som alle er automatisk freda.

– Det ein gjerne finn i samband med slike registreringar, er buplassar med forskjellige reiskapar frå steinalder, og busetnadsspor frå bronse- og jernalder, fortel Jenssen.

I tillegg finn ein gjerne og førhistoriske graver.

Arbeidet startar i mars og arkeologane vil då først gjere seg kjent i området. Arbeidet vil for dei fleste eigedomar bestå av overflatesøk og/eller prøvestikking med spade. For nokre eigedomar er det lagt opp til graving av søkesjakter med gravemaskin

Har du spørsmål arbeidet kontakt:

Atle Jenssen, fagansvarleg arkeologi Statens vegvesen.
 481 51 267 | atle.jenssen@vegvesen.no

Prøvestikking på steinalderbuplass (Foto: Atle Jenssen).
Prøvestikking på steinalderbuplass (Foto: Atle Jenssen).
Aktuelt for fylke(r): Vestland