Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har starta reguleringsplanarbeidet for E39 Stord–Os, og det neste året vil det bli gjennomført mange synfaringar i området.

Kommunedelplan for E39 Stord–Os vart vedteken av Regjeringa hausten 2019, og Vegvesenet har fått i oppdrag å utarbeide reguleringsplan for vegstrekninga.

I 2021/22 skal det gjennomførast eit omfattande planleggingsarbeid, der COWI AS er engasjert til å bidra saman med Vegvesenet. Dette inneber mellom anna at mange fagfolk skal ut i området for å gjere ulike kartleggingar for å få eit best mogeleg grunnlag for reguleringsplanen.

Slik blir synfaringane gjennomført:

  • Kartleggingane går i hovudsak ut på at nokre personar eller mindre grupper vil ferdast i området, for det meste i utmark.
  • Det vil ikkje bli gjort inngrep i terreng/areal, og det skal takast omsyn til jordbruksdrift og jakt.
  • Parkering skal skje til minst mogleg ulempe, men av smittevernomsyn må det truleg brukast fleire bilar sjølv for små grupper.
  • Vi vil passa på å halda avstand og følgje aktuelle smittevernråd.
  • Undersøkingar som krev fysiske inngrep som til dømes grunnboringar, skal vere avklara direkte med grunneigar, og eventuelle skader som følgje av dette arbeidet blir erstatta, jf. eige skriv.

Vi som arbeidar i prosjektet ser fram til eit godt samarbeid med dykk som bur i området, og tek gjerne i mot lokalkunnskap. Er noko uklart så kan du sjå på nettsida vår, eller ta kontakt med ein av våre planleggingleiarar.

Kartleggingane går i hovudsak ut på at nokre personar eller mindre grupper vil ferdast i området, for det meste i utmark ( Foto: Sunniva L. Seterås/Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland