E39 Storehaugen–Førde
Kvar?
- Fylke:
- Vestland
- Kommunar:
- Sunnfjord
Kva?
7,7 km ny tunnel, som kortar ned E39 forbi Førde. Tunnelen får forbikøyringsfelt i stigninga opp mot Storehaug.
Kvifor?
Prosjektet vil korte ned reisetida på E39 med om lag 10–15 minutt for gjennomgåande trafikk, og gir betre trafikktryggleik.
Kart
Framdrift
2013 - Kommunedelplan for E39 Langeland – Moskog vedteken
2021 - Oppstart reguleringsplan E39 Storehaugen-Førde
2022 - Reguleringsplan på høyring og folkemøte
2023 – Reguleringsplan E39 Storehaugen-Førde vedteken
2024 - Deponiområde ferdig regulert
Bompengeløysing for tunnelen skal utgreiast som sentral finansieringskjelde i prosjektet.
KS2 er ein ekstern gjennomgang av avgjerdsgrunnlaget for store statlege prosjekt med kostnad på meir enn ein milliard kroner. Målet er å avdekke om prosjektet er klart til å bli sendt vidare til Stortinget.
Før bygging kan starte, må finansieringa avklarast. Når det er på plass, kan Statens vegvesen gjennomføre grunnerverv og utarbeide konkurransegrunnlag. E39 Storehaugen-Førde er inne i Nasjonal Transportplan, men ventar på løyvingar.
Å lyse ut prosjektet og kontrahere ein entreprenør til å bygge tunnelen tar rundt eitt års tid.
E39 Storehaugen-Førde har ei byggetid på rundt 5 år.
Aktuelt
-
Går vidare med vedtatt reguleringsplan
— Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen om å stogge vidare arbeid med nytt tunnelpåhogg nærmare Langeland.
-
Ber om innspel til reguleringsendring
— Statens vegvesen vurderer å flytte tunnelpåhogget ved Storehaugen lenger mot nord, og kjem difor med ei reguleringsendring. Frist for innspel er 13/10.
-
Reguleringsplan vedteken
— Reguleringsplanen for E39 Storehaugen-Førde vart vedteken i Sunnfjord kommunestyre 16. februar 2023.
Planar og dokument
Fakta og nøkkeltal
- Finansiering:
- Stat, Bompenger
- Nasjonal transportplan:
- NTP 2025–2036