Ber om innspel til reguleringsendring
Statens vegvesen vurderer å flytte tunnelpåhogget ved Storehaugen lenger mot nord, og kjem difor med ei reguleringsendring. Frist for innspel er 13/10.
Statens vegvesen har ein vedteken detaljreguleringsplan for E39 mellom Storehaugen og Førde frå 16. februar 2023. I samband med optimalisering av vegprosjektet for å redusere kostnadane og nytte meir av eksisterande veg, har ein konkludert med at det er mogleg å flytte tunnelpåhogget ved Storehaugen ca. 600-700 meter lengre nord, frå Myra til Langeland. Dette vil gje ein kortare tunnel og ein kan nytte meir av eksisterande veg.
Kryss med fv. 57 vert føreslått som eit T- kryss med høve til kryssutbetring. Kryss med eksisterande E 39 er føreslått som eit hankkryss med to T- kryss med høgresving av og på, og med bru over ny E39. Ved Skilbreivegen er det høve til å etablere ein kontrollplass.
Ny E39 vert om lag 6 km kortare enn dagens veg. Prosjektet vil gje auka trafikktryggleik, betre framkomst og betre regularitet langs E39 til Førde. Reisetida vert redusert og trafikantane får lågare transportkostnader.
Arbeidet blir gjort i samarbeid med Sunnfjord kommune, og vi ynskjer oss no innspel på reguleringsendringa. Fristen er 13. oktober, og du kan kome med dine innspel her:
Føremålet med endring av reguleringsplanen er å sikre nok areal til etablering av nye vegar, anlegg for kollektivtrafikk, kontrollplass og mjuke trafikantar, samt rigg- og anleggsområde på Storehaugen-sida av E39.
Bygging av tunnel vil gje eit masseoverskot, bruk og plassering av massar er ein del av planarbeidet. Når reguleringsendringa er vedteken, vil området ved Myra verta tilbakeført/frigjeven.
Vi vil presisere at det ikkje blir endring på reguleringsplanen i dagsona på Bruland-sida.
Har du spørsmål - Ta kontakt med planleggingsleiarane:
- Jan Terje Løitegård
- Unni W. W. Høivik