Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Det er lagt ut ei siltgardin i Steinsviken, sørvest i Nordåsvatnet, som ein del av arbeidet med ny vasstunnel i området.

Arbeidet er ein del av vegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal. Anlegget omfatter som kjent og bygging av overvasstunnelar. Ein av desse kjem frå Råtunnelen og ender opp i Nordåsvatnet.

Ferdig til ferien

Det vil kome ein arbeidsplattform på innsida av siltgardina. Herifrå vil det pågå ein del undervassarbeid og dykking i tida som kjem. Det vil og vere ein lekter i området. Det vil foregår oppsuging av slam frå lekteren.

Eit pilot-hol for vassleidninga blir bora ut i vatnet på kring fem meters djup. Seinare blir dette gradvis utvida til ein diameter på kring to meter.

Planen er å avslutte arbeidet i Steinsviken før sommarferien.

Steinsviken. Foto.
Siltgardina er på plass i området der overvassleidninga kjem ut, fem meter under vassflata. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland