Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Trafikk som skal sørover på Fritz C. Riebers veg skal frå torsdag 2. desember køyre opp rampa over den nye Råtunnelen.

Det vert ingen endringar for nordgåande trafikk. Etter omlegginga går sørgåande trafikk i permanent vegtrase, altså det køyremønsteret som vil gjelde for sørgåande trafikk på Fritz C. Riebers veg etter opninga av E39 Svegatjørn – Rådal neste år.

Drone bilde som viser nytt kjøremønster for sørgående trafikk på Fritz C. Riebers veg fra 2. desember.
Trafikk som skal sørover på Fritz C. Riebers veg skal frå torsdag 2. desember køyre opp rampa over den nye Råtunnelen. Det vert ingen endringar for nordgåande trafikk. Foto: Hawkeye

Stenger Troldhaugtunnelen natt til 2. desember i samband med omlegginga

For å gjennomføra arbeid i samband med omlegginga av køyremønsteret vil Troldhaugtunnelen bli stengt natt til torsdag 2. desember. Omkøyringsveg blir via E39 Hoptunnelen og Nesttuntunnelen og vidare på Fanavegen sørover mot Lagunen. Omkøyringa vil bli skilta.

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Bergen, Bjørnafjorden