Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen er i full gang med den ca. 600 meter lange leidningsgrøfta langs E39 mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet i Os.

Oppdraget som blir uført av entreprenøren er kommunal vassleidning og røyr for spillvatn. For Statens vegvesen blir det lagt overvassleidning. Den siste går gjennom betongrøyr med diameter på 120 cm. Kommunale røyr har diameter på 40 cm. Anlegget omfattar også eit større tal kummar langs strekninga.

Lengre reisetid

Grøfta er tre til fem meter djup. Det er sprengt ein god del fjell for å få plass til alle dei tre røyra. Det eine køyrefeltet på E39 er stengt mellom Tøsdalsskiftet og Moberg i Os for trafikk retning nordover mot Bergen. Trafikken mot Halhjem går som normalt i eitt felt på kring ein kilometer forbi anleggsområdet. Omkøringsveg i motsett retning er på fv. 552 om Osøyro, sentrum i Os kommune.

Anleggsarbeidet vil pågå heile sommaren, og ut august. E39 er planlagt opna att med to felt i båe retningar 4. september. Omkøyringa gir meir kø gjennom Os sentrum, og trafikantane må berekne noko lengre køyretid gjennom Os.

Aktuelt for fylke(r): Vestland