Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen må stabilisere dårleg grunn ved Flyplassvegen med kalksement før det blir bygt ny gang- og sykkelveg.

Eit svensk spesialfirma har oppdraget med stabilisering av svake torvmassar i nordenden av Skeievatnet i Bergen. Her skal det byggast ny gang- og sykkelveg, som ein del av vegprosjektet E39 Svegatjørn-Rådal, den nye motorvegen mellom Bergen og Os.

360 tonn

Ein solid borerigg på 50 tonn utfører oppdraget, med eit sementblanderi påkopla. Det er jamn levering frå tankbilar med tørr sement og kalk til byggeplassen langs den travle rv.580 Flyplassvegen. Det kjem tilsaman 1.470 peler med kalksement ned i grunnen, i eit område på kring 750 kvadrat. Kring 360 tonn med faste massar skal støypast inn i torvgrunnen, som er temmeleg blaut under heftige nedbørsperiodar i Bergen.

Uvanleg i vest

Byggemetoden er meir vanleg i andre delar av landet, men på Vestlandet er dette sjeldan kost. Når kalksementen er herda vil det etter kvart bli bygt ei lettare vegfylling, med isopor. Den nye gang- og sykkelvegen på sørsida av Flyplassvegen skal til slutt byggast opp forbi området. Her skal syklistar og fotgjengarar ta seg fram, når den nye brua på gang- og sykkelvegen er ferdig i løpet av våren.

Aktuelt for fylke(r): Vestland